LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i stabil isotopgeokjemi

Søknadsfrist: 15.12.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i stabil isotopgeokjemi

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i stabil isotopgeokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senter for Dyphavsforskning (CDeepSea). Den som blir tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 1. april 2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ikkje-tradisjonelle stabile isotopar er eit lovande verktøy for å forstå undergrunns-prosessar i hydrotermiske system på havbotnen, men tolking av naturlege prøver frå slike områdar er førebels hemma grunna manglande kunnskap om stabil isotopfraksjonering under hydrotermiske forhold. 

Dette prosjektet har som mål å studere isotopfraksjonering under oppløysning og mobilisering av metall frå kjente bergartar i reaksjonssonane til hydrotermiske system. Kandidaten vil samle inn og studere prøver frå hydrotermiske soner i ofiolitter, bestemme deira Fe- og Cu- isotopsamansetning ved å nytte ein multikollektor ICP-MS, og nytte dette til å vurdere teikn på og omfanget av isotopfraksjonering under hydrotermisk oppløysning. Resultata frå dette prosjektet vil bli nytta til å revurdere nyleg innhenta Fe- og Cu-isotopdata frå aktive hydrotermiske system på havbotnen.

Prosjektet vil vere ein del av Senter for dyphavsforskning tema I: Mantle to Fluids.

Det er planlagt at analytisk arbeid og feltarbeid blir gjennomført både i Noreg og i utlandet. Vi ønsker difor at den som blir tilsett har høve til å reise korte periodar i løpet av prosjektperioden for å gjennomføre prosjektet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap med fordjuping i geokjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 08.01.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Solid bakgrunn i isotopgeokjemi er eit krav, fortrinnsvis med fokus på stabile isotopar.
  • Praktisk erfaring med massespektrometri (spesielt MC-ICP-MS) og arbeid i ren-lab er ein føremon.
  • Erfaring med petrologi og mineralogi er ein føremon.
  • Erfaring med geologisk feltarbeid er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne jobbe komfortabelt i laboratorium under alle stadia av den analytiske metoden.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i Statsansatteloven, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Dersom søknaden din blir rekna for å vere i strid med kriteria i sistnemnde lov, og dersom det blir vurdert at du ikkje kan starte i stillinga innan fristen som er oppgitt ovanfor, vil søknaden din bli avslått utan nærare vurdering.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • eit kort (200-300 ord) skildring av erfaringa di med (stabil) isotopgeokjemi og forventningar til prosjektet. namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 08.01.2024.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS