LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Søknadsfrist: 05.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil i prosjektet undersøkje glasial geologien i det sentrale Himalaya for å finne ut korleis endringar i bredynamikk og paleoklima kan rekonstruerast frå mellom anna moreneryggar. Dette området i Himalaya er påverka av monsun variabilitet og noko av føremålet med prosjektet er å finne ut korleis dette har påverka glasial geologien attende i tid. For å kunne gjere dette på ein regional skala vil ein nytte fjernanalyse og teste ut nye KI baserte metodar for automatisk å identifisere glasial geologiske landformer. Ved sidan av å utvikle ei regional forståing av den sein kvartære glasialgeologien i Nepal, Himalaya, vil stipendiaten undersøkje i detalj breane sin interaksjon med landskapet gjennom feltbasert geomorfologisk kartlegging og observasjon og analyse av glasiale sedimenter og landformer.

Ph.d.-stipendiaten vil utvikle ferdigheiter i tolking av glasial-geologi og sedimenter gjennom felt- og laboratoriearbeid, og bruke numerisk modellering og maskinlæring for å tolke data. Stipendiaten vil få moglegheit til å bruke den nasjonale infrastrukturen EARTHLAB ved UiB, og lære å bruke ein modell for landskapsdanning ved å kvantifisere danninga og bevaringa av morenesekvensar (https://doi.org/10.1002/esp.5371) og tolke resultata av datainnsamlinga. Valet av tilnærmingar som vert nytta i dette prosjektet er fleksibelt og kan utviklast i samråd med kandidaten sine interesser og ferdigheiter.

Ph.d.-stipendiaten vil få moglegheit til å gjennomføre feltarbeid i Nepal Himalaya, delta på relevante konferansar og sommarskolar, og besøkje internasjonale samarbeidspartnaren som ein del av dette prosjektet. Moglegheitene til å reise er midlertidig ikkje avgjerande for posten, og stipendiaten kan vere basert i Bergen i heile stipend perioden dersom ynskjeleg.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan geovitskap, naturgeografi eller eit nært ståande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring i å tolke og analysere glasiale sediment og glasialgeologi er eit krav.
  • Erfaring med vitskapeleg programmering og dataanalyse ved bruk av språk som MATLAB eller Python er ein fordel.
  • Erfaring med bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) og fjernmålingsteknikkar er ein fordel.
  • Erfaring med multi-proxy analyser av innsjøsediment og handsaming og analyse av tidsseriar er ein fordel. Søkaren må kunna arbeide sjølvstendig og strukturert og vise gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også telje i vurderinga av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) 
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Ann Rowan, Institutt for geovitenskap, epost: ann.rowan@uib.no

 For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Chris-André Karlsen Østevold, e-post: Chris-andre.karlsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS