LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i evolusjon av nevrotransmitter reseptorar

Søknadsfrist: 30.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Michael Sars Centre – Les meir her. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i evolusjon av nevrotransmitter reseptorar.

Det er ei ledig stilling som ph.d.-stipendiat i Lynagh-gruppa ved Michael Sars-senteret. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Senteret høyrer til Universitetet i Bergen og er ein samarbeidspartnar med European Molecular Biology Laboratory (EMBL). Stillinga er finansiert av kjernefinansieringa til Michael Sars-senteret. Føretrekt startdato er august 2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Arbeidet i Lynagh-gruppa fokuserer på evolusjon, funksjon og farmakologi av ligandstyrte ionekanalar, reseptorar som medierer rask kommunikasjon mellom nerveceller. Dette gjer vi ved hjelp av molekylær fylogeni, mutagenese, kjemisk biologi og elektrofysiologi. Vi har no planar om å identifisere og karakterisere visse familiar av slike reseptorar i marine virvellause dyr og samanlikne dei med homologe reseptorar frå andre dyr, inkludert menneske. Målet er å etablere nye evolusjonære og farmakologiske prinsipp. I dette ph.d.-prosjektet vil kandidaten utføre elektrofysiologiske eksperiment, ulike molekylærbiologiske og biokjemiske metodar, cellekultur og eventuelt mikroskopi og dyrehold.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i neurovitskap eller biomedisinsk vitskap (eller liknande), eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Erfaring med eksperimentell analyse av proteinstruktur-funksjon er eit krav. 
  • Erfaring med anten to-elektrode spenningsklemme eller patch clamp er eit krav. 
  • Erfaring innan molekylærbiologi (t.d. stadsretta mutagenese) er ein fordel. 
  • Erfaring frå cellekultur er ein fordel. 
  • Erfaring med berekningsmodellering/dokking er ein fordel
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga 

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat 

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga 

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV 
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • Relevante attestar 
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) 
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Timothy Lynagh, gruppeleiar, Michael Sars-Senter, tim.lynagh@uib.no, +47 41368345

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, Vivian.jacobsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS