LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i eksperimentell væske-bergartsinteraksjonar

Søknadsfrist: 13.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.- stipendiat i eksperimentell væske-bergartsinteraksjonar

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i eksperimentell væske-bergartsinteraksjonar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senter for Djuphavsforskning (CDeepSea).

Senter for djuphavforsking fokuserer på tverrfagleg forsking i arktiske djuphavområde og organiserer årlege djuphavekspedisjonar for å studere geologien og biologien til midthavsrygger. Under vitskaplege tokt blir datainnsamling og prøvetaking utført ved bruk av moderne undersjøiske fartøy.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Denne doktorgradsstillinga er retta mot endring og mineralisering av den oseaniske litosfæren ved hydrotermiske væske-bergartsinteraksjonar. Kandidaten vil bruke ein ny og unik hydrotermisk reaktor med kontinuerleg straum for å undersøkja metallmobilisering under flyt av væsker i den mafiske og ultramafiske havskorpen, ved forhold opp til 400°C og 400 bar. Reaksjonsmekanismar, mineralerstatningsreaksjon og metallfordeling vil bli undersøkt ved bruk av geokjemiske, isotopiske og mikroteksturanalysar av eksperimentelt produserte væsker og faste stoff. Dette prosjektet vil bidra til ei betre forståing av kritiske reaksjonsparametrar under reaktiv væskestraum i ope system.

Prosjektet vil vere ein del av Senter for djuphavforsking tema I: Mantle to Fluids.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geologi eller geokjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.12.2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kunnskap om hydrotermiske væske-bergartsinteraksjonar er eit krav.
  • Erfaring med væske-bergarts interaksjon eksperimenter er ein føremon.
  • Erfaring med ein eller fleire av følgjande mikroteksturelle og mineralogiske analytiske teknikkar er eit krav: skanningselektronmikroskopi, elektronmikrosonde analyser, Raman spektroskopi, røntgendiffraksjon.
  • Erfaring med analytiske teknikkar i (isotop) geokjemi er ein føremon.
  • Erfaring med reaktiv transportmodellering er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit følgjebrev med ei kort utgreiing om søkarens forskingsinteresser og motivasjon for å søke stillinga.
  • ein kort (maksimalt 1 side) forskingserklæring som skisserer idear om eksperiment som søkaren vurderer som relevante for prosjektet.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.12.2022.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Andreas Beinlich, Institutt for Geovitenskap, UiB, andreas.beinlich@uib.no, telefon: +4755583547; eller
  • Dr. Desiree Roerdink, Institutt for Geovitenskap, UiB, desiree.roerdink@uib.no, telefon: +47 55583859

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS