Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som Ph.d.-stipendiat i økosystemøkologi tilknyttet et prosjekt som studerer korleis mykorrhiza-sopp og andre trofiske interaksjoner påverkar karbondynamikk og trofiske interaksjonar i grasmarksvegetasjon i fjellet. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsprosjektet, “FUNDER - Direct and indirect climate impacts on the biodiversity and FUNctioning of the UNDERground ecosystem” finansiert av Norges forskingsråd.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Klimaendringar påverkar planter og jordorganismar, så vel som prosessar og interaksjonar mellom desse i økosystema. Desse endringane trugar biologisk mangfald og påverkar viktige funksjonar i økosystema, som til dømes produktivitet og karbon- og næringsutveksling. Skal vi kunne forstå korleis biologisk mangfald og økosystema vil reagere på klimaendringar i framtida, og tilbakekoplingar frå desse økosystemendringane til klimasystemet, treng vi grunnleggande kunnskap om økologiske responsar, prosessar, mekanismar og interaksjonar mellom plantar og jordorganismar i økosystema.
FUNDER vil talfeste og skilje dei direkte effektane av klima på mangfaldet og økosystemet sin funksjon frå dei indirekte effektane, gjennom biotiske interaksjonar. For å oppnå dette nyttar vi makroøkologiske felteksperiment langs breie temperatur- og nedbørsgradientar. Desse eksperimenta gjev oss kunnskap om økosystema sine responsar på klimaendringar og tilbakekoplingar til klimasystemet, inkludert ikkje-additive effektar, kontekstavhengigheiter, og kompenserande effektar som kan føre til samanbrot i biotiske interaksjonar.
FUNDER utnyttar eksisterande felteksperimentelle infrastrukturar i Noreg. Prosjektet er utvikla i samarbeid mellom planteøkologar, økosystembiologar og modellerarar, og resultata vil gje betre kunnskap om prosessar og langsiktige konsekvensar av klimaendringar, inkludert tilbakekoplingar til klimasystemet.
Stipendiaten vil fokusere på rollene til jordorganismar (hovudsakleg bakteriar og sopp) i økosystema sine responsar på og tilbakekoplingar til klimaet. Arbeidet vil baserast på data frå eit makroøkologisk felteksperiment, utført i samarbeid med andre prosjektdeltakarar.
Stipendiaten vil blant anna ha følgande arbeidsoppgåver:
Analysere jordprøver frå makroøkologiske felteksperiment og analysere dei mikrobielle samfunna (bakteriar og sopp) ved hjelp av DNA-sekvensering (DNA metabarcoding) og relevante funksjonelle metodar.
Undersøke produksjonen av mikrobiell (sopp) biomasse ved bruk av t.d.vekstmasker og omsetting ved bruk av strø / nekromasseposar.
I samarbeid med andre prosjektdeltakarar måle andre underjordiske funksjonelle parametrar, til dømes basert på underjordiske plantedelar og jordprøver.
Utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytt til desse eksperimenta og målingane.
Samarbeide med planteøkologar og klimaforskarar om syntese og oppskalering.
Analysere data, og skrive og publisere forskingsartiklar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor mykologi, soppøkologi eller et relatert felt, eller ha levert masteroppgåva si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Kunnskap og forskingserfaring med DNA-baserte vurderingar av soppsamfunn (DNA-metabarcoding), inkludert kunnskap og erfaring innan relevante bioinformatiske metodar er eit krav. Inngåande erfaring med DNA-labarbeid er påkrevd.
Evne til å utføre feltarbeid i avsidesliggande og klimatisk utfordrande alpine og/eller arktiske områder er eit krav.
Kunnskap innan samfunns-, økosystem- eller global endringsøkologi, og relevante statistiske og analytiske metodar, inkludert ferdigheiter i R, og datahandsaming i tråd med reproduserbar open vitskapspraksis er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
ei forskingserklæring (maks. 2 sider) som beskriver søkjaren sine forskingsinteresser og innretning knytt til den utlyste stillinga og FUNDER-prosjektet.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV.
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at masteroppgåva er levert.
For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte rådgivar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.