LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i djuphavsbiologi

Søknadsfrist: 20.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i djuphavsbiologi

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i djuphavsbiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senter for djuphavsforsking (finansiert av Trond Mohn Stiftelse) og kandidaten kjem til å vere del av forskingsgruppa Djuphavsbiologi.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Konnektivitet mellom populasjonar og tilpassingar til ekstreme miljø er viktige prosessar som driv evolusjonen av djuphavsfauna, og kan påverke kor robuste artar er i møte med menneskeskapte miljøendringar. Prosjektet søkjer å kartlegge utbreiinga, konnektiviteten og tilpassingar til utvald fauna i kjemosyntesebaserte økosystem i Arktis. Avhandlinga kjem til å fokusere på ein av dei mest talrike artane i desse økosystema; snigelen Pseudosetia cf. griegi (familie Rissoidae). Kandidaten skal karakterisere den genetiske konnektiviteten og mikrobiomet til P. griegi frå fleire lokalitetar ved bruk av moderne DNA-sekvenseringsmetodar. Genomdata frå vert og mikrobar kan kombinerast med finskala anatomiske disseksjonar og histologi for å betre forstå den reproduktive biologien og plasseringa av eventuelle symbiontar. I tillegg skal kandidaten samanlikne genetisk konnektivitet med resultata frå ein regional biofysisk modell for å forstå påverknaden av havstraumar og spreiingsbarrierar på den observerte konnektiviteten. Som del av forskingsaktivitetane til dyphavsbiologi-gruppa kan kandidaten få moglegheit til å reise på forskingstokt til den arktiske midthavsryggen.

Prosjektet kjem til å bidra til dei eksternfinansierte prosjekta DeepSeaQuence (NFR), Eco-Safe Ridge Mining (NFR) og Fauna ved varme kjelder og kalde gassoppkommer (Artsdatabanken).

Arbeidsoppgåver

  • DNA ekstraksjon
  • Bioinformatisk analyse av RAD sekvenseringsdata
  • Genomsentrisk metagenomikk
  • Finskala anatomiske disseksjonar
  • Histologiske studiar av reproduktive system
  • FISH-CLSM mikroskopi
  • Parametrisering og tolking av spreiingsmodell

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i marin biologi/zoologi/bioinformatikk/mikrobiologi eller anna relevant fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med marinbiologi, og helst med fauna frå kjemosyntesebaserte økosystem (varme kjelder, kalde gassoppkomme eller organiske nedfall) er ein sterk føremon.
  • Erfaring med bioinformatikk eller analyser av genomdata er ein føremon.
  • Erfaring med histologi, SEM/TEM eller FISH-CLSM er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Mari Heggernes Eilertsen, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen (+47 48147632, mari.eilertsen@uib.no),
  • Dr. Pedro Ribeiro, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen (+47 93916770, Pedro.Ribeiro@uib.no) eller
  • Professor Ida Helene Steen, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen (+47 99346963, ida.steen@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS