LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

2 stipendiatstillingar i design

Søknadsfrist: 10.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for design er det ledig to ph.d.-stillingar (100 %) for ein åremålsperiode på fire år, der 25% utgjer pliktarbeid

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi søker etter forslag til kunstnarleg utviklingsarbeid der designpraksis er sentralt for å undersøke våre komplekse forbindelsar med omverda. Vi ser etter kandidatar som er dyktige utøvarar innan designområda visuell kommunikasjon eller møbel- og romdesign/ interiørarkitektur, og som kan utføre forsking gjennom design.

Institutt for design prioriterer forskingsprosjekt som kan bidra til berekraftig utvikling, menneske- og miljøvenlege strukturar og materialar og humanistisk og etisk kommunikasjon, og som er knytt til eit av desse prioriterte forskingsområda ved instituttet:

  • Sosial nytenking
  • Økologisk handlekraft
  • Teknologi og materialitet

Kunstnarleg utviklingsarbeid ved Institutt for design ved KMD skal vere reflekterande, prosessdriven og kritisk. På den måten vil vi generere ny kunnskap som svarar på dagsaktuelle utfordringar og behov innanfor ulike kulturelle, sosiale og politiske kontekstar.

Vi ser etter ph.d.-kandidatar som vil tøye grenser og slik utfordre etablerte førestillingar om kva design kan vere og gjere.

Søknader vert vurdert i lys av kriteria i ph.d.-programbeskrivinga samt kunstnarleg praksis og forskingskompetanse ved instituttet.

Prosjektskildringa

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet innafor eit designfagleg forskingsfelt, og presentere tema, problemstillingar, kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektskildringa skal omtale prosjektet si relevans for fagmiljøet ved Institutt for design, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, og dessutan mogelege rettslege og etiske problemstillingar.

Søkjarar må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og samarbeidspartnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Vi oppmodar søkjarar å ta kontakt med ein aktuell rettleiar i fagmiljøet for å avklare relevans for forskingsmiljø og moglegheit for rettleiing.

Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarisk utviklingsarbeid ved instituttet og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i design eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis og produksjon på høgt nivå.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om forskarutdanninga:

som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen.

Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillinga, og kan strukturerast som ein integrert del av den samla tilsetjingsperioden på 4 år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Fakultetet vil normalt stille krav om residensplikt i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn i samsvar med det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på maksimalt 3000 ord.
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarisk verksemd.
  • Dokumentasjon av formell fagleg kompetanse. Dette inkluderer dokumentasjon på fullført BA OG MA med vitnemål, karakterutskrift. For utdanning i utlandet også Diploma Supplement (der det finns) samt autorisert oversetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk og Diploma Supplement manglar.
  • Tidsplan.
  • Budsjett (sjå vår nettside).
  • Forslag til rettleiar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert.

Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Mona Larsen, mona.l@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS