LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i utvikling og anvending av maskinlæring for nedskalering av klimavarsling og prognoser

Søknadsfrist: 30.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan regional klimamodellering ved bruk av maskinlæring. Stillinga er knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Stillinga inngår i EU Horizon Europe-prosjektet Impetus for Change (I4C), som fokuserer på å betre klimaprediksjonar på lokal til regional skala. Stillinga vil også vere assosiert med World Climate Research Program’s Coordinated Regional Downscaling Experiments (CORDEX), som fokuserer på å føre klimaprognosar til innverknads- og beslutningsrelevante skalaer. Stipendiaten vil jobbe under rettleiing av Dr. Stefan Sobolowski, leiar av I4C og forskingsleder/førsteamanuensis BCCR/GFI.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Til tross for vesentleg utvikling av klimamodellering gjennom dei siste tiåra, er klimavarslar på månadleg til tiårig tidsskala framleis utfordrande. Vidare er både varslar og prediksjonar av klima og dets påverkingar svært usikre på dei skalaene som er mest relevante for påverknad og tilpassing. I4C har som mål å forbetre kvaliteten, tilgjengelegheita og brukarrvenlegheita til klimainformasjon og tenester på kort sikt på lokal til regional skala for å styrke og støtte sluttbrukartilpassing og planlegging. Medan CORDEX tar sikte på å utvikle robuste vurderingar, og fysisk forståing av klimaendringars innverknad på lokal til regional skala.

Forskinga til stipendiaten vil fokusere på anvending av maskinlæring for å utvikle berekningsseffektive emulatorar frå høgtoppløyselege toppmoderne regionale klimamodellar. Målet med emulatorane er å lære forhaldet mellom storskala prediksjonar laga av dynamiske modeller med grov oppløysning og ulike lokale overflatevariablar (som nær overflatetemperatur, nedbør, vindhastigheiter). Dette oppnår ein ved å trene emulatorar til å etterlikne resultata av berekningsmessige kostbare høgtoppløyselege regionale klimamodellar. Resultatet er ein serie med berekningsmessig lette algoritmar som er i stand til å generere store ensemble som kan omsetje operative klimaprediksjonar eller prognoser med grov oppløysning til robust og påliteleg regional og lokal informasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Forske på metodar for å forbetre kvaliteten og overføringsevna til emulatorer på tvers av ulike globale klimamodellar og tidsskalaer (dvs. prediksjon - prognoser).
  • Teste overføringsevna til en eksisterande toppmoderne maskinlæringsemulator (utvikla for bruk over Europa) til tropiske forhold.
  • Formidle forskingsresultata til forskingsmiljøet og den større offentlegheita gjennom aktivitetar i regi av prosjektet.
  • Samarbeide med andre prosjektmedlemmer som utfører forsking på klimaprediksjon og km-skala regional nedskalering.

Arbeidet vil skje i nært samarbeid med vitskapelege partnerar i I4C, i særleg grad MeteoFrance og NORCE (Norsk forskingssenter). Universitetet i Bergen er ein del av Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium og kandidaten vil jobbe i et svært internasjonalt arbeidsmiljø som ein del av Bjerknessenteret for klimaforsking, som er samlokalisert med Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen. BCCR er Nordens største klimaforskingssenter og blant dei leiande sentra i Europa med rundt 200 forskarar frå 37 land.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan atmosfærevitskap, statistikk, informatikk, anvendt matematikk eller andre relaterte disiplinar. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen innan 15.08.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring innan atmosfærisk fysikk, klimadynamikk og statistisk modellering er eit krav.
  • Erfaring med vitskapeleg programmering med Python, R, Matlab, Julia, C/C++ eller liknande er eit krav.
  • Erfaring med maskinlæring er ein fordel.
  • Erfaring med klimamodellar (regionale eller globale) og klimadataanalyse er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert og vise gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15.08.2024.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

 Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Stefan Sobolowski (forskingsleiar/førsteamanuensis, Bjerknessenteret og Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, stefans@uib.no)

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand (Maria.Svasand@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS