Instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi - åremålsstilling
Søknadsfrist: 10.08.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det frå 01.02.2026 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing for nye søkjarar.
Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.
Om instituttet
Institutt for fysikk og teknologi er eitt av sju institutt ved Fakultet for naturvitskap og teknologi. Les meir om fakultetet og tilhøyrande institutt her.
Ved Institutt for fysikk og teknologi forskar vi innan eit breitt spekter, frå nysgjerrigheitsdriven grunnforsking til teknologiorientert forsking som spenner frå nanostrukturar til verdsrommet. Eksperimentelt arbeid er viktig for forskinga vår, og vi har høg ekspertise i å byggje avanserte instrument med hjelp frå eit høgt kompetent ingeniørteam. Instituttet har også ein mekanisk verkstad som gjer det mogleg med raske, skreddarsydde løysingar for prosjekta våre. I samband med forskinga er det óg ein sterk innovasjonsportefølje med stort potensial både for kommersielle og samfunnsmessige fordelar.
Ved Institutt for fysikk og teknologi kan du ta moderne og etterspurde utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i fysikk, energiteknologi og prosessteknologi, og eit integrert 5-årig siv.ing.-program i havteknologi. Instituttet har for tida 50 fast vitskaplege stillingar, 22 teknisk / administrativt tilsette og om lag 48 tilsette i rekrutteringsstillingar. Instituttet har om lag 80 ph.d.-studentar og 100 siv.ing/mastergradsstudentar. Samla budsjett ligg på vel 170 millionkroner der om lag halvparten er eksternt finansierte prosjekt. Nærare opplysningar om instituttet finn du på Institutt for fysikk og teknologi.
Om stillinga
Instituttleiar si viktigaste oppgåve er å utvikle instituttet i tråd med hovudmålet, synleggjere den viktige rolla instituttets forsking og utdanning har i samfunnet og posisjonere faga ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle i fagområdet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve for instituttleiar å stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering, då forskingsverksemda ved instituttet avheng av at ein lukkast med dette.
Instituttleiar har overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon, samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar leiar instituttrådet, rapporterer til dekan,og inngår i fakultetet si leiargruppe.
Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å
leie og utvikle verksemda ved instituttet i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen.
bidra til utviklinga av fakultetet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling.
sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon.
representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid
stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskings- og utdanningsfinansiering.
skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø.
sikre at kjønns- og mangfaldsperspektivet er godt vareteke ved tilsetjingar og i instituttkulturen.
skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog.
sørgje for tenleg infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda.
sørgje for god økonomistyring og at internkontroll fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søkjer ein instituttleiar som
har interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutvikling.
har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing.
har visjonar og tankar for vidareutvikling av instituttet dei neste 5-10 åra.
har evne til å tilpasse seg i både ein sektor og eit samfunn som er i stadig endring.
er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet.
har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet.
I tillegg vert det lagt vekt på
god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom.
ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog.
leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar.
gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt.
gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og i engelsk.
Vi tilbyr
løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475 Instituttleiar)
Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Dekan Gunn Mangerud, telefon +47 975 57 137 / e-post gunn.mangerud@uib.no, eller
Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 975 57 135 / epost elisabeth.lysebo@uib.no
Alle spørsmål vert handsama konfidensielt.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn toåremålsperiodar.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.