LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar innan prosjektadministrasjon knytt til UiB sin satsing på kunstig intelligens (AI)

Søknadsfrist: 01.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar innan prosjektadministrasjon

Ved Institutt for informatikk ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei nyoppretta stilling som seniorrådgjevar. Stillinga er fast og tett på fullfinansiert av eksterne prosjektmidlar. Dei fem første åra er stillinga i hovudsak knytt til UiB sin satsing på Kunstig Intelligens (AI) gjennom programmet LEAD AI - Bergen research and training program for future AI leaders across the disciplines. Det er ønskeleg med snarleg oppstart.

Stillinga er knytt til Institutt for informatikk si forskingsseksjon. Den som vert tilsett rapporterer til leiar for forskingsseksjonen som dagleg arbeidsleiar og til administrasjonssjefen som personalleiar.

LEAD AI er eit institusjonsomfattande karriere- og mobilitetsprogram for 19 postdoktorar innan AI som koordinerast av Institutt for informatikk. Programmet er støtta av EU sitt forsking- og innovasjonsprogram Horisont Europa gjennom COFUND-ordninga under Marie Skłodowska-Curie Actions (HORIZON-MSCA-2022-COFUND).

I LEAD AI vert stillinga knytt til programmet som ”Programme Administrative Manager”, under leiing av ein Program General Supervisor og ein Programme Scientific Coordinator.

Arbeidsoppgåver

Seniorrådgjevaren skal støtte programleiinga og annan programorganisasjon i alle delar av koordineringa av LEAD AI samt utføre det administrative arbeidet som ligg til koordinatorrolla. 

Oppgåvene omfattar mellom anna følgande:

  • Hovudansvar for å kvalitetssikre prosessane for rekruttering av postdoktorar til programmet i samarbeid med de rekrutterande miljøa ved UiB, inkl. deira lokale HR-administrasjon
  • Utarbeide rettleiande materiale og bidra i tilrettelegging for søkjarar, rettleiarmiljø, programpartnarar og evaluatorar
  • Organisere og følgje opp programmøter, postdoktorsamlingar, kurs og spørjeundersøkingar
  • Følgje opp aktivitetane i programmet og sjå til at leveransar følgjer oppsette tidsplanar, og i henhald til etiske standardar og retningsliner og Open Science prinsipp inkludert FAIR datahandtering
  • Intern- og eksternkommunikasjon om programmet (spesielt via prosjekt-websida og sosiale media)
  • Nettverksarbeid med andre COFUND-program
  • Bidra til at programmet oppnår størst mogleg påverknad internasjonalt og nasjonalt
  • Bidra til utarbeiding av rapportar til den Europeiske Kommisjonen
  • Prosjektet fullfinansierer ikkje stillinga, og nokre andre forskingsadministrative oppgåver ved instituttet vil dermed også bli tillagt stillinga
  • Endringar i stillinga over tid må påreknast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha: 

  • minumum mastergrad eller tilsvarande utdanning
  • gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • erfaring med administrasjon og /eller koordinering av prosjekt eller nettverk
  • god administrativ IT-kompetanse

Det er ein føremon om du også har: 

  • utdanning, forskings- eller arbeidserfaring innan relevante fag
  • erfaring frå akademisk verksemd
  • kjennskap til sektorens og institusjonens HR-arbeid, inkl. internasjonal mobilitet
  • erfaring med EU-deltakarportalen
  • kjennskap til EU MSCA-programmet
  • erfaring med vedlikehald av nettstadar og formidling i sosiale media
  • kjennskap til Open Science og FAIR prinsippa

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, mellom anna:

  • interesse og entusiasme for formidling og forskingsnært administrativt arbeid
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kunne arbeide sjølvstendig, målretta og initiativrikt
  • vere effektiv, kvalitetsbevisst, ansvarsmedviten, fleksibel og serviceinnstilt
  • ha evne til å organisere komplekse oppgåver på ein strukturert måte

Vi kan tilby

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) og brutto årsløn frå kr. 635 400,- til kr. 732 300,- (svarar til lønssteg 65-73 i det statlege lønsregulativet). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Karoline Christiansen (HR-rådgiver), 55 58 47 70, karoline.christiansen@uib.no
Powered by Labrador CMS