LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar – Seksjon internasjonalt samarbeid

Søknadsfrist: 16.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar – Seksjon internasjonalt samarbeid

Forskings- og innovasjonsavdelinga har viktige forskingsstrategiske støtteoppgåver for fagmiljø og leiing ved Universitetet i Bergen. Avdelinga er inndelt i tre seksjonar, og legg mellom anna til rette for universitetet sine satsingar på framifrå forsking, forskarutdanning, innovasjon og internasjonalt samarbeid, berekraft og Nordområda.

Arbeidsoppgåver:

UiB har lange og stolte tradisjonar med samarbeid med forskingsinstitusjonar i sør.Forskings- og innovasjonsavdelinga lyser no ut ei fast stilling som seniorrådgjevar. Stillinga skal ivareta UiBs forvaltningsmessige oppgåver for midla som universitetet er tildelt frå NORAD gjennom NORHED II-programmet.

Dette inneber mellom anna å følgje opp prosjekta og kontakten med institusjonskontaktar i sør og koordinere den årlege rapporteringa til NORAD og koordineringsansvar av UiBs prosjektportefølje.

Stillinga er knytt til Seksjon internasjonalt samarbeid og seniorrådgjevaren kan bli knytt til andre oppgåver ved seksjonen og avdelinga, og vil ha eit tett samarbeid med fagleg og administrativ leiing, samt fagmiljø ved UiB.

Den som vert tilsett kjem til å arbeide i eit team med svært engasjerte og dyktige kollegaer på tvers av heile avdelinga. Vedkommande vil også kunne bidra i utvikling av området og av stillinga.Det må reknast med ein del reising i samband med stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Kompetanse på minimum mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå samarbeid med det globale sør.
  • God kunnskap om norsk forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikk, samt utviklingspolitikk.
  • God kjennskap til UH-sektoren, Norges forskingsråd, Norad og andre relevante forskingspolitiske aktørar og forvaltning.
  • Erfaring frå kompleks sakshandsaming og utgreiing frå universitet, departement, forskingsråd eller liknande organ vil bli vektlagt.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar.
  • Evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i team.
  • Evne til å arbeide strategisk og policy-orientert.
  • Evne til å setje i gang, leie og evaluere prosessar og halde oversikt over fleire parallelle arbeidsprosessar både hos seg sjølv og andre.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Interessante og utfordrande oppgåver innan arbeidsfelt med stor strategisk verdi for UiB
  • Eit attraktivt og sterkt kompetansemiljø med stor fagleg bredde
  • Høge ambisjonar og mål for UiB sin internasjonale forskings- og innovasjonsaktivitet
  • Triveleg og internasjonalt samansett medarbeidergruppe med stor fagleg tyngde
  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet i stillinga
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 68-77 i det statlege lønsregulativet (for tida kr.618 600-744 600 brutto). For særskild kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Are Straume, 99260707, eller
  • Direktør ved Forskings- og innovasjonsavdelinga Benedicte Løseth, 91603900

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS