LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

IT-utviklar - 20% stilling

Søknadsfrist: 19.09.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.

Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig ei fast 20% stilling som utviklar ved IT-avdelinga.

IT-avdelinga, Seksjon for tjenesteutvikling, søker etter ein ny kollega som kan vere med å utvikle og forvalte universitets tenesteplattform, ServiceNow. Vi satsar stort på utvikling av framtidsretta digitale tenester for studentar og tilsette, og treng fleire flinke folk som kan vere med på laget. Stillinga er ideell for deg som er i ferd med å utdanne deg innan IT og ønsker ein spennande og kjekk jobb ved sidan av studiar og i ferier.

Hovudoppgåver

  • utvikle, tilpasse og vedlikehalde digitale løysingar basert på ServiceNow
  • gi råd i samband med innhenting av brukarhistorier

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning, eller vere i ferd med å fullføre bachelor- eller masterstudium innan IKT eller annan teknisk disiplin
  • god kompetanse for utvikling av IT-tenester
  • gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • evne til å arbeid sjølvstendig og strukturert, og arbeider godt i team

Vi tilbyr

  • grundig opplæring
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • ServiceNow kompetanse som er svært etterspurd på det norske og globale arbeidsmarknaden
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.302, kode 1090, kr 77.420 - 88.400 bto pr år i en 20% stilling. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • IT-direktør Sjur Bjerke, tlf: 51 83 35 50, e-post: sjur.bjerke@uis.no eller til
  • Seksjonsleiar Sigrid Dale, tlf: 51 83 11 02, e-post: sigrid.dale@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: annette.f.lothe@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS