LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Industrimekanikar

Søknadsfrist: 05.03.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fagmiljø som er internasjonalt leiande. Dette gjeld blant anna petroleums- og offshoreteknologi samt risikostyring og samfunnstryggleik, som er to av universitetet sine strategiske satsingsområde.


Fakultetet har om lag 2.800 studentar og 400 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for risikostyring, samfunnssikkerheit, industriell økonomi og planlegging.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søker etter industrimekanikar til laboratoriet ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet, Institutt for energi- og petroleumsteknologi.

Den som vert tilsett skal bidra med god og relevant rettleiing både for studentar og tilsette og sørga for at laboratoria blir drifta på ein god og forsvarleg måte. Arbeidsoppgåvene er særs varierte og inkluderer samarbeid på tvers av avdelingar i eit internasjonalt miljø. Vi ønsker ein nysgjerrig person som følgjer med i fagområdet, og som ønsker vidareutvikling både for seg sjølv og aktiviteten ved laboratoriet.

Hovudoppgåver

  • utvikling, modifisering og oppbygging av utstyr til forsking og undervisning
  • drift og vedlikehald av teknisk utstyr
  • hjelp studentar og tilsette med teknisk støtte til forskings- og undervisningsaktivitetar
  • ta vare på helse, miljø, sikkerheit og kvalitet (HMS-K)

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • kompetanse som industrimekanikar, maskiningeniør med fagbrev, verktøymakar eller liknande
  • erfaring med teknisk teikning og god kjennskap til verktøymaskiner
  • erfaring med dreiing og fresing i manuelle maskiner, hydrauliske system og komponentar og bruk av relevante IT-verktøy
  • kjennskap til CNC-programmering
  • grunnleggande sveisekunnskap
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk, arbeidsspråk er norsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har truckførarbevis og traverskransertifikat
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • har stor arbeidskapasitet
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Universitetet i Stavanger ønskjer fleire kvinner i avdelinga og oppmodar derfor kvinner til å søke.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1085, kr 507 400 - 545 3 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR rådgivar Margot A.Treen, tlf 51831419, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknadsbrev og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert. I søknadsbrevet må du få fram din kompetanse og motivasjon for stillinga.

Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i Jobbnorge innan utløpet av søknadsfristen.

Vi gjer merksame på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skreve om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS