LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Personleg studieassistent

Søknadsfrist: 20.08.2025

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. 

Sentraladministrasjonen gir råd og bistand til ledelse og fakulteter ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i syv avdelinger. Les mer om studieavdelingen her. 

Ledig stilling som personleg studieassistent

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om ordninga med personleg studieassistent ved Universitetet i Bergen: 

Universitetet i Bergen tilbyr personleg studieassistent til studentar som har behov for ekstra støtte, og som elles ikkje kvalifiserer til utdanningsstøtte frå NAV. 

Stillinga utgjer minimum 2-4 timar i veka. Det kan bli meir arbeid i periodar og arbeidstida vil kunne variere mellom dagtid/ettermiddag. 

Vi har per i dag fleire ledige stillingar. Oppstart vil skje så raskt som mogleg. 

Arbeidsoppgåver:

Du vil fungere som personleg studieassistent for ein eller fleire studentar med eit behov for ekstra støtte ved Universitetet i Bergen. 

Arbeidsoppgåvene kan innebere å: 

  • Følgje opp studentane sine spesifikke tilretteleggingstiltak 
  • Hjelpe til med strukturering og organisering av studiearbeid 
  • Vere ein fast, trygg kontaktperson 
  • Moglegheit for ekstra oppdrag

Du må delta på opplæring etter tilsetjing. Opplæringa består av eit kurs i Mitt UiB og eit kurs med fysisk deltaking i regi av psykologspesialistar frå Saman. All opplæring er obligatorisk og løna. 

Du vil få attest for arbeidet. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde 
  • Det tel positivt at du sjølv er student ved UiB og har gjennomført minst eitt studieår 

Vi tilbyr:

  • Løn i stilling som fagkonsulent (kode 0389) i årsløn kr. 430 200 brutto i 100% stilling, eller kr. 448 900 brutto i 100% stilling ved oppnådd mastergrad. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: 

  • Seniorrådgjevar Iren Igesund, tlf. 55589483, e-post iren.igesund@uib.no eller 
  • Seniorrådgjevar Simon Eika, tlf. 93095114, simon.eika@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS