LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Stipendiat i spesialpedagogikk med fokusområde matematikkvanskar

Søknadsfrist; 02.10.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarer til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning. Totalt har fakultetet om lag 3.300 studentar og 460 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning.


Institutt for grunnskulelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk har ansvar for grunnskulelærarutdanning for 1 – 7. trinn og 5 – 10. trinn. Instituttet har ansvar for master i spesialpedagogikk, master i idrettsvitskap, bachelor i idrett, samt årsstudium i kunst og handverk, drama og idrett. I tillegg har instituttet ansvar for vidareutdanningar i engelsk og matematikk samt veiledning av nyutdanna lærere. Instituttet har et aktivt forskingsmiljø og mange av våre tilsette er også involvert i desentralisert kompetanseutvikling i nært samarbeid med skoler og skoleeigarar. Det er i dag ca 90 tilsette og 900 studentar ved instituttet.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som stipendiat i spesialpedagogikk med fokusområde matematikkvanskar ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Stillinga er ledig frå 01.01.2023.

Stillinga er knytt til det nyoppretta Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims). Senteret er finansiert av Norges Forskningsråd, i første omgang for ein 5 års periode. Senteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Universitet i Agder og Nord Universitetet, men den aktuelle stipendiaten vil ha arbeidsstad ved Universitet i Stavanger, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Hovudformålet til SpedAims er å utvikle kvaliteten på forsking om spesialpedagogikk og inkludering og å formidle forsking av høg kvalitet til praksisfeltet, brukarorganisasjonar, avgjerdstakarar og ålmenta.

Den delen av prosjektet som denne stillinga omhandlar, er retta inn mot tidlege tiltak for elever i faresona for å utvikle matematikkvanskar og inngår i ein større arbeidspakke om tidlege tiltak for elever som strever med lesing og matematikk. I denne arbeidspakken skal vi utvikle og undersøke effekten av tiltak for denne elevgruppa i eit randomisert kontrollert design. Stipendiatstillinga vil være knytt til utvikling og implementering av undervisningsopplegget. Avhandlingsarbeidet kan ha ei kvalitativ eller mixed method tilnærming.

Dette er ei utdanningsstilling som i hovudsak skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling gjennom ei forskarutdanning. Den som blir tilsett vil bli tatt opp på ph.d.-programmet i utdanningsvitskap. Programmet omfattar relevante kurs i eit omfang som svarer til omkring eit halvt års studium, ei avhandling basert på sjølvstendig forsking, deltaking i nasjonale og internasjonale forskarmiljø, relevant fagleg formidling, prøveforelesing og disputas. Les meir om forskarutdanninga ved UiS på nettsidene våre.

Stipendiaten vert tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med forskarutdanning og 25% arbeidsplikt. Dette vert avklart i rekrutteringsprosessen.

Prosjektskisse

Som søkar må du levera ei førebels prosjektskisse for eit doktorgradsprosjekt innanfor fagområdet, der det vert gjort greie for problemstilling, relevans, teoretisk- og metodisk tilnærming. Den foreløpige prosjektskissa vil inngå i kompetansevurderinga. I løpet av dei tre første månadene av tilsettingsperioden vil prosjektskissa og framdriftsplan bli utvikla vidare i samarbeid med rettleiarane og utforma til den endelege planen for ph.d.-prosjektet. Mal for prosjektskisse finn du her.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha ein sterk fagleg bakgrunn med femårig mastergrad (3+2) innanfor matematikkdidaktikk eller spesialpedagogikk/pedagogikk eller tilsvarande utdanning som gir grunnlag for å gjennomføra ei forskarutdanning, fortrinnsvis av nyare dato.

Ved master i spesialpedagogikk (eller generell pedagogikk) må du ha minimum 30 studiepoeng matematikkdidaktiske emne som ein del av utdanninga.

Dersom karakteren din på masteroppgåva og vekta gjennomsnittskarakter på masterstudiet begge kvar for seg svarer til B eller betre, er du den vi søker etter. Avsluttar du utdanninga di hausten 2022 er du òg velkommen til å søke.

Dersom du har ei utdanning frå ein institusjon med annan karakterskala enn A-F, og/eller med andre typar studiepoeng enn sp/ECT, må du legge ved ein stadfesta konverteringsskala som viser korleis karakterane kan samanliknast med den norske A-F skalaen og eit Diploma Supplement eller liknande som forklarer omfanget av emna/faga som inngår i utdanninga. Du kan bruke desse konverteringsskalaene for å rekne ut poenga dine for opptak.

Vidare vert det lagt vekt på at du:

  • er motivert, og har potensial for forsking innanfor fagfeltet
  • har faglege og personlege forutsetningar for å gjennomføre doktorgradsutdanninga innan tilsettingsperioden
  • kan arbeide sjølvstendig og i et fellesskap, vere nytenkande og kreativ
  • er strukturert og har stor arbeidskapasitet
  • har gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr

  • forskarutdanning i varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • kollegabasert rettleiingsprogram (NyTi) dersom du skal undervise
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.515, kode 1017, kr 544 400 bto pr år med lønnsutvikling etter ansiennitet i stillinga. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttere fleire kvinner til stipendiatstillingar innanfor fagområdet. Dersom fleire søkjarar blir vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsettingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Grete Marnburg, tlf: 51833545, e-post: [email protected]

Søknad

Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her ber vi deg om å registrere minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkevner. I søknadsbrevet må du få fram forskingsinteressene og motivasjon din for stillinga.

Følgjande blir lasta opp som vedlegg til søknaden:

  • Prosjektskisse, mal tilgjengeleg på nettsidene våre
  • CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring
  • Vitnemål og attestar samt dokumentasjon på annan aktivitet som du vurderer som relevant
  • Diploma Supplement eller liknande og konverteringsskala dersom dette er påkravd
  • Dokumentasjon på kompetanse i engelsk språk dersom dette er påkravd
  • Publikasjonar eller anna relevant forskingsarbeid

Søknaden vil bli vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skrive om over og at du har lagt ved nødvendig dokumentasjon.

Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til sama, må dei komprimerast før opplasting.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom din oppfordring ikkje blir tatt til følge vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg registrert i Jobbnorge.

Generell informasjon

Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.

Tilsetjing som stipendiat er regulert i Forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent dessutan spesialistkandidat.

Kompetansen din for stillinga, ut frå utdanning og prosjektskisse registrert i Jobbnorge, vil bli vurdert av ein intern komité. På bakgrunn av fråsegna frå komiteen vil aktuelle søkarar bli inviterte til intervju. Det vil òg bli innhenta referansar for aktuelle kandidatar. Meir om tilsettingsprosessen på nettsidene våre.

Studiet vert i hovudsak gjennomført ved Universitetet i Stavanger, med unntak av eit avtalt opphald i utlandet ved eit anerkjent, relevant forskingsmiljø.

Det er en føresetnad at den som vert tilsett buset seg slik at vedkommande kan vere til stades ved, og tilgjengeleg for fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid.

Stillinga er kunngjort på både norsk og engelsk. Ved meiningsforskjell mellom tekstane skal den norske teksten leggast til grunn.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS