LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Stipendiat i nordisk språk og litteratur (norrøn filologi)

Søknadsfrist: 30.09.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12 000 studentar og 1900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalta naturressursane på og ved å leggja til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd og læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnader regionalt, nasjonalt og internasjonalt har me eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Me er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyd ei rekkje spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil me løfta blikket og våga å tenkja stort og nytt — me vil utfordra det velkjende og utforska det ukjende.


Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarar til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, i tillegg til åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning.Totalt har fakultetet om lag 3000 studentar og 320 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning.


Institutt for kultur- og språkvitskap har ansvar for universitetets nye lektorutdanning for trinn 8-13 og praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet tilbyr òg utdanningar innanfor nordisk, engelsk, religion, historie, norsk for internasjonale studentar i tillegg til mastergradsutdanningar i historiedidaktikk, lesevitskap og Literacy Studies. I samarbeid med andre einingar ved fakultetet blir det gitt tilbod om doktorgradsutdanning i lesevitskap/Literacy Studies. Det er i dag 60 tilsette og 1100 studentar ved instituttet.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som stipendiat i nordisk språk og litteratur ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Institutt for kultur- og språktvitenskap. Stillinga er ledig frå 1. januar 2022.Dette er ei utdanningsstilling som i hovudsak skal gjeva lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål.Stipendiaten vert tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt. Dette vert avklart i rekrutteringsprosessen.

Den som vert tilsett, kjem i tillegg til å høyra til fagmiljøet i nordisk språk og litteratur ved IKS, til å vera tilknytt det NFR-finansierte prosjektet Old Norse Poetry and the Development of Saga Literature (SagaPoetry), prosjektnummer 313688.

Hovudmålet med prosjektet er å undersøkja kva skaldedikting hadde å seia for framvoksteren av norrøn sagalitteratur.

Prosjektet tek utgangspunkt i to overordna hypotesar:

  • Fyrst at skaldedikt og i ein viss mon eddadikt spela ei heilt avgjerande rolle i framvoksteren av norrøn sagalitteratur, ei rolle som var langt viktigare enn det tidlegare forsking har vore merksam på.
  • Dinest at det var ei utvikling der tidlege sagaforfattararar siterte poesi som kjelder og som dokumentasjon av historiske fakta, medan poesien seinare vart ein integrert del av produksjonen av sagalitteratur. Etter kvart vart skikken med å sitera poesi eit stilistisk ideal i seg sjølv, og sagaforfattarar kom då meir og meir til å dikta skaldevers sjølve og eigna dei til personane dei skreiv om.

Sjå her for meir informasjon om prosjektet.

Prosjektskisse

Søkjarar skal leggja fram ei førebels prosjektskisse for eit doktorgradsprosjekt som tek opp eitt eller fleire kjernetema i det overordna prosjektet. Mogelege emne femner om etterrøkjingar i bakgrunnen åt sentrale prosimetriske genrar og verk. Dei noverande medlemene av prosjektet studerer islendingesoger, kongesoger, fornaldarsoger, Landnámabók og narrative skaldedikt frå 1100-talet.

Søkjarar kan velja å utvida perspektivet på eit av desse emna eller å utforska andre genrar. Søkjarar kan òg utforska sider av den poetiske tradisjonen som er relevante for framvoksteren av sagalitteratur, eller gjeva seg i kast med hovudhypotesane for prosjektet på annan måte. Val av metodologisk og teoretisk råmeverk og perspektiv bør gjerast greie for av søkjarane. Avhandlinga kan skrivast på norsk eller eit anna skandinavisk språk eller engelsk.

Prosjektskissa kjem til å vera ein del av kompetansevurderinga. Innan dei tri fyrste månadene av tilsetjingsperioden kjem prosjektskissa til å verta vidareutvikla i samarbeid med rettleiarane. Mal for prosjektskisse finst her.

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett, må ha ein sterk fagleg bakgrunn med femårig mastergrad (3+2) innanfor nordisk språk og litteratur, norrøn filologi eller andre studium med ein monaleg norrøn komponent, som gjev grunnlag for å gjennomføra ei forskarutdanning, helst av nyare dato. Avsluttande grad skal vera oppnådd og sensur skal liggja føre ved søknadsfristen.

Karakter på masteroppgåva og vegen gjennomsnittskarakter på masterstudiet må båe kvar for seg svara til B eller betre.

Om ein søkjar har utdanning frå ein institusjon med ein annan karakterskala enn A–F, bed me om at det vert lagt ved ein stadfest konverteringsskala som viser korleis karakterane kan jamførast med den norske skalaen (A–F). Ein kan bruka desse konverteringsskalaene til å rekna ut poenga for opptak

Vidare vert det lagt vekt på:

  • den vitskaplege kvaliteten på prosjektet, medrekna kor aktuelt og nyskapande det er
  • at søkjaren er motivert og har potensial for forsking innanfor fagfeltet
  • at søkjaren har faglege og personlege føresetnader for å gjennomføra doktorgradsutdanninga innanfor tilsetjingsperioden
  • at søkjaren kan arbeida sjølvstendig og i ein fellesskap, vera nytenkjande og kreativ
  • at søkjaren er strukturert og har stor arbeidskapasitet
  • at søkjaren har god framstillingsevne på engelsk, både skriftleg og munnleg. Arbeidsspråket i prosjektet for intern kommunikasjon og prosjektmøte kjem til å vera skandinavisk (norsk, svensk, dansk), og gode kunnskapar i eit skandinavisk språk er difor påkravde.

Språkkrav

Gode engelskkunnskapar er påkravde for å vera med i doktorgradsprogrammet. Internasjonale søkjarar må dokumentera at dei har gjennomført ein av desse testane med det oppgjevne resultatet eller betre:

  • TOEFL – Test of English as a Foreign Language, Internet-Based Test (IBT). Minimum resultat: 90 IELTS
  • International English Language Testing Service. Minimum resultat: 6.5
  • Certificate in Advanced English (CAE) og Certificate of Proficiency in English (CPE) frå Universitetet i Cambridge
  • PTE Academic – Pearson Test of English Academic. Minimum resultat: 62

Søkjarar som høyrer til ei av gruppene nedanfor, er fritekne frå kravet ovanfor:

  • søkjarar med eitt års fullført universitetsstudium i Australia, Canada, Irland, New Zealand, Storbritannia, USA
  • søkjarar med International Baccalaureate (IB) diplom
  • søkjarar med fullførd bachelor- og/eller mastergrad med engelsk som undervisningsspråk i eit EU-/EØS-land

Me tilbyd

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • kollegabasert rettleiingsprogram (NyTi) dersom du skal undervisa
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.515, kode 1017, kr 491.200 bto per år med lønsutvikling etter ansiennitet i stillinga
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om tilsettgode og fordelar på uis.no

Mangfald

Verdiane åt universitetet er å vera uavhengig, involverande og skapande. Me vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt og er opptekne av å visa respekt for at folk er ulike og har ulik bakgrunn. Universell utforming ligg til grunn for det fysiske og digitale læringsmiljøet vårt, og arbeidsplassen kjem om naudsynt til å verta lagd til rettes for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Me oppmodar alle om å søkja, ubunde av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om ein i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.

Universitetet ynskjer å rekruttera fleire kvinner til stillingar innanfor fagområdet. Dersom fleire søkjarar vert vurderte å ha jambyrdige kvalifikasjonar, kjem ei kvinne til å verta prioritert føre ein mann.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Camelia Danaei, tlf: +47 518 33 149, e-post: [email protected].

Søknaden

Søk stillinga elektronisk via «Søk stillingen» på denne sida. Her må ein registrera minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidsrøynsle i tillegg til språkkunnskapar. I søknadsbrevet må ein leggja fram forskingsinteresser og motivasjon for stillinga.

Desse dokumenta skal lastast opp som vedlegg til søknaden:

  • prosjektskisse, mal tilgjengeleg på nettsidene våre
  • CV med fullstendig oversyn over utdanning og arbeidsrøynsle
  • vitnemål og attestar og dessutan dokumentasjon på annan aktivitet som kan vera relevant
  • Diploma Supplement eller liknande og konverteringsskala dersom dette er påkravt
  • dokumentasjon på kompetanse i engelsk språk dersom dette er påkravt
  • publikasjonar eller anna relevant forskingsarbeid

Dokumentasjonen må liggja føre på eit skandinavisk språk eller engelsk. Om vedlegga vert større enn 30 MB samanlagt, må dei komprimerast føre opplasting.

Me gjer merksam på at opplysningar om ein søkjar kan verta offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om ikkje å verta oppførd på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom ei slik oppmoding ikkje vert teken til fylgje, kjem søkjaren til å verta varsla om det.

UiS vurderer berre søknader og vedlegg som er registrerte i Jobbnorge.

Generell informasjon

Tilsetjinga vert gjennomførd etter prinsippa i statsansatteloven og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.

Tilsetjing som stipendiat er regulert i Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent samt spesialistkandidat.

Kompetansen åt den einskilde søkjaren, ut frå dokumentasjonen som er registrert i Jobbnorge, kjem til å verta vurdert av ein intern komité. På bakgrunn av omsegna til komiteen kjem aktuelle søkjarar til å verta inviterte til intervju. Det kjem òg til å verta innhenta referansar for aktuelle kandidatar. Meir om tilsetjingsprosessen på nettsidene våre.

Ph.d.-perioden skal i hovudsak gjennomførast ved Universitetet i Stavanger, bortsett frå eit avtala utanlandsopphald i eit godkjent relevant forskingsmiljø. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, buset seg slik at vedkomande kan vera til stades ved, og tilgjengelig for, fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid.

Stillinga er kunngjord på både norsk og engelsk. Ved meiningsskilnad mellom tekstene skal den norske teksta leggjast til grunn.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS