Universitetslektor i Spansk språk og latinamerikastudium
Søknadsfrist: 02.11.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Universitetslektor (vikariat) i Spansk språk og latinamerikastudium, Institutt for framandspråk
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat til ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i spansk språk og latinamerikastudium ved Institutt for framandspråk (IF). Stillinga er eit vikariat med planlagd oppstart 1. januar 2026 og varer til og med 31. desember 2026.
Om instituttet
Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, omkring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.
Spansk språk og latinamerikastudium har fem fast tilsette i fulle stillingar, og fem fast tilsette i deltidsstillingar. Dei vitskapleg tilsette forskar og underviser innanfor disiplinane språk, litteratur, historie/kulturkunnskap og fagdidaktikk. I tillegg til vanleg undervisning på campus tilbyr faget nettbasert vidareutdanning. Faget har for tida eitt stort eksternfinansiert forskingsprosjekt.
Arbeidsoppgåver:
Vikaren skal hovudsakleg undervise på bachelornivå innanfor kulturkunnskap/historie, men undervisning på andre disiplinar kan kome i tillegg. Undervisninga er i hovudsak gitt som fysisk undervisning på universitetsområdet, og normalt innanfor ordinær arbeidstid, men undervisning online på ettermiddag kan også verte aktuelt.
Arbeidsoppgåvene vil inkludere
Førebuing og gjennomføring av undervisning
Rettleiing av semester- og bacheloroppgåver
Retting av obligatoriske oppgåver
Eksamensarbeid
Administrativ oppfølging og koordinering
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Søkjar må ha:
Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan historie eller anna relevant fag, med spesialisering på Latin-Amerika.
Svært høgt språkleg nivå, munnleg og skriftleg, i spansk.
Høgt språkleg nivå, munnleg og skriftleg, i norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Det er ein føremon med:
Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande.
Erfaring frå undervisning, særleg på universitets- og høgskulenivå.
Doktorgrad i relevant fag.
Det blir lagt særleg vekt på evne til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Personlege eigenskapar blir vektlagd i vurderinga.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.
Den som blir tilsett må retta seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
Løn som universitetslektor (kode 1009), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 625 500 - 665 500 i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida.
Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om motivasjonen din for å søkje stillinga.
Under «CV», oppgi:
Personalia.
Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument om du ønskjer det.
Språkferdigheiter.
Minst to referansepersonar. Personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar, vil vere særleg relevante.
Under «Vedlegg» skal du lasta følgjande opp som separate dokument:
Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk erfaring).
Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
Eventuelle evalueringsrapportar eller anna tilbakemelding på eiga undervisning.
Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte fagkoordinator for spanskfaget, førsteamanuensis Synnøve Ones Rosales, synnove.rosales@uib.no eller tlf. 55 58 21 27, eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug, arve.uthaug@uib.no eller 55 58 22 81.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.