Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis II i nordisk språk og litteratur
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraverv – «bistilling») som førsteamanuensis II i nordisk språk og litteratur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetting. Ønskt oppstartsdato er 1. januar 2026.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen for heile åremålsperioden.
Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette, kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
For tida arbeider 12 tilsette innanfor nordisk språk og litteratur i tillegg til 7 stipendiatar.
Arbeidsoppgåver:
Delta i revisjon av nettbaserte tilbod i nordisk språk og nordisk litteratur.
Utvikling av digitalt undervisningsmateriale til bruk i ulike undervisningsemne i nordisk språk og nordisk litteratur.
Undervisning, rettleiing og sensurarbeid på årsstudiet, lektorprogrammet og bachelor- og masterprogrammet i nordisk språk og nordisk litteratur (som alle er campusbaserte), og på nettbaserte tilbod.
Administrative oppgåver knytt til undervisning.
Delta i den faglege utviklinga ved instituttet.
Undervisningsspråket er norsk.
Det er forventa at den som vert tilsett, jamleg er til stades på campus. Krav om nærvære på campus kan variere gjennom tilsettingsperioden. UiB dekkjer som hovudregel ikkje reise- eller bukostnader for den som vert tilsett.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Forskingskompetanse i nordisk språk eller litteratur, tilsvarande norsk doktorgrad er eit krav.
God meistring av skriftspråka bokmål og nynorsk.
Relevant erfaring med undervisning og rettleiing i både nordisk språk og nordisk litteratur på universitets- og høgskulenivå.
Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Erfaring med å utvikla etter- og vidareutdanningstilbod er ein føremon.
Erfaring med digital undervisning og rettleiing på etter- og vidareutdanningskurs er ein føremon.
Vi tilbyr:
Brutto årsløn på kr 757 600-785 000 i full stilling (kode 1011). Videre lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit dynamisk og stimulerande arbeidsmiljø.
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling og nettverksbygging.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.
Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesning.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.