LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Studierådgjevar - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 07.08.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet har om lag 2.400 studentar og 210 tilsette. Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor- master- og doktorgradsnivå

Studiane byggjer på ein kombinasjon av teoretisk og praktisk kunnskap, på tverrfaglighet og samarbeid med offentleg og privat verksemd. Ny kunnskap vert generert ut frå både praktisk røynsle og systematisk forsking, eller i kombinasjonen av desse to. Utdanningstilbodet er variert og omfattar blant anna hotell- og reiseliv, mediefag, samfunnsfag, sosiologi, sosialt arbeid og barnevern. Fakultetet består av Institutt for medie- og samfunnsfag, Institutt for sosialfag og Norsk hotellhøgskule.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som studierådgjevar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen. I det daglege vil studierådgjevar ha arbeidsstaden sin i administrasjonen ved Institutt for sosialfag. Stillinga er ledig frå 1 september 2022.

Som studierådgjevar vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tar utdanning innanfor barnevern, sosialt arbeid og psykologi. Ansvarsområde er studiekoordinering/-gjennomføring og studierettleiing

Den som blir tilsett vil inngå i institusjonelle prosessnettverk og/eller andre faglege fora på tvers av einingar. Vedkommande kan og inngå i prosjekt uavhengig av organisatorisk plassering.

Hovudoppgåver

  • utføra utgreiings- og analyseoppgåver innanfor ansvarsområdet
  • samarbeide tett med leiar av studieprogrammet i saker om gjennomføring av studiar, kvalitetssikring/-utvikling, internasjonalisering og utveksling
  • rettleie søkjarar og studentar om spesifikke studietilbod, undervisning og studiekvardag
  • saksbehandle studentsaker
  • legge til rette for studentar med spesielle behov
  • legge til rette for internasjonalisering og utveksling i studietilboda og følge opp utvekslingsstudentar, i samarbeid med Utdanningsavdelinga
  • delta i utvikling og koordinering av samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar
  • førebu saker og ivareta sekretariatsfunksjon til utvalsmøte
  • informasjonsarbeid, utvikle og vedlikehalde nettsider og sosiale medieplattformer som profilerer studietilbod
  • eksamensarbeid

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning, fortrinsvis på mastergradnivå
  • erfaring med administrativt arbeid innanfor høgare utdanning
  • kjennskap til internasjonale utdanningssystem
  • god framstillingsevne i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • god arbeidskapasitet

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • kan arbeida sjølvstendig, og i team
  • er fleksibel, systematisk og løysningsorientert
  • har gode kontaktskapande evner, er serviceinnstilt og imøtekommande

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 501 200 - 600.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Christina Storm, tlf: 51831753, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS