Studierådgjevar - Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 07.02.2021
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studentar og 1.800 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon. Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet har om lag 2.300 studentar og 170 tilsette.
Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor- master- og doktorgradsnivå Studiane byggjer på ein kombinasjon av teoretisk og praktisk kunnskap, på tverrfaglighet og samarbeid med offentleg og privat verksemd. Ny kunnskap vert generert ut frå både praktisk røynsle og systematisk forsking, eller i kombinasjonen av desse to. Utdanningstilbodet er variert og omfattar blant anna hotell- og reiseliv, mediefag, samfunnsfag, sosiologi, sosialt arbeid og barnevern.
Fakultetet består av Institutt for medie- og samfunnsfag, Institutt for sosialfag og Norsk hotellhøgskule.
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som studierådgjevar ved fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. I det daglege vil studierådgjevar ha arbeidsstaden sin ved administrasjonen ved Institutt for sosialfag. Stillinga er ledig frå 1. mars 2021.
Som studierådgjevar vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tar utdanning innanfor barnevern, sosialt arbeid og psykologi. Ansvarsområde er studiekoordinering/-gjennomføring og studierettleiing
Den som blir tilsett vil inngå i institusjonelle prosessnettverk og/eller andre faglege fôra på tvers av einingar. Vedkommande kan òg inngå i prosjekt uavhengig av organisatorisk plassering.
Hovudoppgåver
utføra utgreiings- og analyseoppgåver innanfor ansvarsområdet
samarbeide tett med studieprogramleder i saker om gjennomføring av studiar, kvalitetssikring/-utvikling, internasjonalisering og utveksling
rettleie søkjarar og studentar om spesifikke studietilbod, undervisning og studiekvardag
saksbehandle studentsaker
legge til rette for studentar med spesielle behov
legge til rette for internasjonalisering og utveksling i studietilboda og følge opp utvekslingsstudentar, i samarbeid med utdanningsavdelinga.
delta i utvikling og koordinering av samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar, representere universitetet overfor samarbeidspartnarar i inn- og utland
førebu saker og ivareta sekretariatsfunksjon til utvalsmøte
informasjonsarbeid, utvikle og vedlikehalde nettsider og sosiale medieplattformer som profilerer studietilbod
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant utdanning på mastergradnivå
erfaring med administrativt arbeid innanfor høgare utdanning
god kjennskap til internasjonale utdanningssystem
god framstillingsevne i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
Vidare blir det lagt vekt på at du:
kan arbeida sjølvstendig, og i team
har gode kontaktskapande evner, er serviceinnstilt og imøtekommande
er systematisk og løysningsorientert
kan reisa og representera UiS overfor samarbeidspartnarar i inn- og utland
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 496.000 - 600.000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknadsbrev og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert. I søknadsbrevet må du få fram din kompetanse og motivasjon for stillinga.
Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i Jobbnorge innan utløpet av søknadsfristen.
Vi gjer merksame på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skreve om over.
Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.
UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.