Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig stilling som rådgjevar (100 %) med tilsetjing i august.
Den nye prosjektøkonomen vil mellom anna ha oppgåver tett knytt til Senter for internasjonal helse (SIH) med særskilt ansvar for CISMAC (www.cismac.org) som er eit senter for framifrå forsking. Andre store satsingar ved instituttet vil også vere aktuelle. Mange av prosjekta er store, og ofte retta mot låginntektsland i Afrika og Asia. Dette stiller krav til kunnskap hos rådgjevar/prosjektøkonomen når det gjeld rapportering, overføring av midlar og kommunikasjon med utanlandske partnerar. Rådgjevaren/prosjektøkonomen deltek i prosjektmøte, både i Noreg og i visse høve, i utlandet.
IGS har eit årleg totalbudsjett på om lag 140 millionar kroner, kor dei eksterne prosjekta utgjer om lag halvparten av aktiviteten. IGS husar også fleire andre senter, blant anna: Bergen senter for etikk og prioriteringer (BCEPS), Pandemisenteret og Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS).
Me har eitt godt arbeidsmiljø og treng deg for å oppfylla instituttet sin visjon: Betre helse, betre samfunn.
Arbeidsoppgåver:
Sakshandsamingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver innan økonomiområdet som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
Økonomistyring av ekstern – og internfinansierte forskingsprosjekt
Yte god støtte og rådgiving til fagmiljø, prosjektleiarane og eksterne partar og bidragsytarar
Gje økonomifageleg støtte knytt til eksterne prosjekt i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase
Utarbeide oversikter, rapporter og prognosar til fagmiljø, prosjektleiarane, og instituttet
Delta og bidra til utvikling og vedlikehald av interne rutinar, retningslinjer og system
Kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
Rutinearbeid opp mot rekneskap og økonomi
Instituttet er i søknadsprosess for fleire store satsingar, og det er aktuelt å leggje oppgåver knytt til desse til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant praksis er eit krav. Det er ei føremon dersom erfaringa er frå universitets-, høgskule- eller instituttsektoren
God forståing og erfaring frå alle prosesser i økonomiarbeid, inkludert prosjektøkonomi vil bli vektlagt
Søkjar må ha erfaring med budsjettering, rapportering og rekneskap, samt bruk av Excel som analyse- og rapporteringsverktøy
Gode analytiske eigenskapar
Evne til å uttrykke seg særleg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
Vi søkjer ein person som:
Har drivkraft til å gjera ein god jobb og likar å spela på lag med andre
Er proaktiv og nøyaktig
Er serviceinnstilt og positiv
Har interesse for tal og har god økonomiforståing
Har høg digital kompetanse og lett lærer nye ferdigheiter
Er strukturert, målretta og har god evne til gjennomføring
Har stor grad av sjølvstende og er god på problemløysing
Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel
Kan dokumentera evne til god kommunikasjon og samarbeidsevne
Likar ein travel arbeidskvardag og kan i periodar arbeide i høgt tempo
Bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60-69 (for tida kr 543 500 – 637 900). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.