LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar (Project manager) for Synoptic Arctic Survey (SAS)

Søknadsfrist: 11.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som rådgjevar (”Project Manager”) for det internasjonale sekretariatet for Synoptic Arctic Survey, som Noreg og Universitetet i Bergen er vertskap for. Stillinga er også knytt til Horizon 2020-prosjektet ArcticPassion. Stillinga si innretting kan endre seg, avhengig av framtidig finansiering.

Om prosjektet:

SAS er eit nedanfrå-og-opp, forskardrive initiativ som samlar store mengder forskingsdata i arktiske havområde gjennom eit sett av koordinerte tokt og ekspedisjonar med ulike forskingsfartøy. Målet med SAS er å skaffe til veie fullstendige data om hydrografiske og sirkulasjonsmessige tilhøve, målingar av karbonopptak og havforsuring, sporstoff og forgifting samt økosystem og organismar sine funksjonar og produktivitet i Arktis.

Inneværande periode for SAS løper frå 2020-2022. Ein påfølgande periode er planlagt til 2030 (SAS II), og overlappar med FNs Havets tiår.

Arbeidsoppgåver

Prosjektkoordinatoren vil kontrollere og koordinere aktivitetane til SAS og sikre at dei er i samsvar med ArcticPassion og andre relevante prosjekt. Blant aktivitetane er: følgje opp og hente inn informasjon og data om forskingstokt, informasjonsarbeid som inkluderer nettsider og sosiale media, organisering av webinar og workshops, nettverksarbeid inkludert promotering av SAS overfor interessentar og beslutningstakere.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må fortrinnsvis ha doktorgrad eller tilsvarande utdanning. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdananning.
  • Kunnskap om Arktis vitskap og vitskapspolitikk er ein føremon.
  • Gode kommunikasjonsevner og organisatoriske ferdigheiter er påkrevd, også på tvers av fagområde, informasjon, inkludert på nettsider og i sosiale media.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha gode samarbeidsevner, og samstundes like å arbeide sjølvstendig. Samarbeidsevner vil bli vektlagt.
  • Søkjarar må like å arbeide med komplekse problem og operasjonar
  • Søkjarar må vere tolmodige og kunne arbeid under tidspress

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 61- 64 (for tida kr 553 500 - 583 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Are Olsen, Geofysisk institutt, e-post: are.olsen@uib.no, eller
  • Administrasjonssjef Kristin Kalvik, e-post kristin.kalvik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS