LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar (økonomi) - Klinisk Institutt 1 (K1)

Søknadsfrist: 06.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 1 (K1), er det ledig ei fast stilling som rådgjevar (økonomikoordinator/kontroller) (100 %) med snarleg tilsetjing. Klinisk Institutt 1 er eit av dei store institutta ved Universitetet i Bergen med mange spennande fagfelt og sterke forskings- og undervisningsmiljø. Instituttet har omlag 250 tilsette med ein administrasjon på 13 personar. Økonomiseksjonen ved instituttet har tre tilsette. Vi forvaltar eit budsjett på over 100 millionar kroner. Administrasjonen sin hovudoppgåve er å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda, Vi søkjer nå etter ein økonomikoordinator som skal vere med å vidareutvikle K1.

Vår økonomikoordinator skal vidare til andre utfordringar, og vi søkjer difor ein ny kollega til å lede økonomiarbeidet ved K1. Økonomikoordinatoren er arbeidsleiar for økonomiseksjonen i tett samarbeider med administrasjonssjef og instituttleiar. Stillinga inneber også tett kontakt med vitskapelege tilsette og andre einingar ved Det medisinske fakultet og Universitetet i Bergen.

Vi søkjer deg som kan utvikle økonomifunksjonen i eit inkluderande og travelt miljø. Stillinga krev at ein er god på å samarbeide og kommunisere, og at ein har høg gjennomføringsevne for å oppnå gode resultat i jobben.

Arbeidsoppgåver:

  • dagleg arbeidsleiing av økonomiseksjonen
  • økonomistyring av ekstern- og internfinansierte forskingsprosjekt
  • økonomioppfølging; ansvar for budsjettering og økonomirapportering
  • støtte til forskarar ved søknader og drift av forskingsprosjekt
  • leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til instituttleiinga og forskingsgruppeleiarane ved instituttet
  • utvikling og forbetringsarbeid av økonomiseksjonen og arbeidsmetodar
  • mogelegheiter for delegert personalansvar

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad, men lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ønskeleg
  • god forståing og erfaring frå alle prosesser i prosjektøkonomi
  • god kjennskap til ulike økonomisystem
  • evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • gode samarbeidsevner og serviceinnstilling

Vi søkjer ein person som

  • har leiareigenskapar og kan motivera andre
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • er positiv og serviceinnstilt
  • har stor grad av sjølvstende
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har god digital kompetanse
  • har gode evner til å løyse oppgåver av komplisert karakter

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit inkluderande, godt og interessant internasjonalt arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-64 (for tida kr 513 600 – 573 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Jorunn Skei. Kontaktinformasjon: jorunn.skei@uib.no, mobilnr: 48 24 52 48

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS