LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar – Studieavdelinga, Internasjonal seksjon

Søknadsfrist: 12.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar – Studieavdelinga, Internasjonal seksjon

Ved Universitetet i Bergen er det ledig eit vikariat som rådgjevar fram til og med 31.07.2022. Stillinga er plassert ved Studieavdelinga, Internasjonal seksjon. Avdelinga er ei sentral administrativ eining med oppgåver innan studentrekruttering, studieinformasjon, opptak og mottak av studentar, eksamensadministrasjon, etter- og vidareutdanning, kvalitetssikring av og internasjonalisering av studiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjevande funksjon i samband med inngåing og fornying av bilaterale studentutvekslingsavtaler
  • Prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Programadministrasjon
  • Arbeid innan innsatsområda i Arqus-alliansen
  • Informasjonsarbeid, sakshandsaming og oppfølging av søknadsprosessen for studentar som søker om delstudium i utlandet
  • Kontakt med samarbeidsuniversitet i utlandet, organisering av ulike besøk og arrangement
  • Beredskapsarbeid

Andre arbeidsoppgåver kan verte lagt til stillinga ved behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgre utdanning på masternivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis
  • Omfattande relevant administrativ praksis og spesialkompetanse på høgt nivå innanfor funksjonsområdet
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode språkkunnskapar; svært gode engelskkunnskapar
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Evne til å presentere informasjon i større forsamlingar, på norsk og engelsk
  • Vere ein lagspelar og trivstast i samarbeid med andre
  • Evne til å arbeide effektivt, strukturert og utviklingsorientert

Vi vil leggje stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte i stillinga

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) i lønnssteg 60 – 72 (for tida kr 535 200 – 670 100) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar og tenesteansiennitet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgre løn vurderast
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Elin Berge Flo på elin.flo@uib.no /telefon 55 58 90 24 eller
  • Nina Gry Stein på nina.stein@uib.no /telefon 55 58 49 53

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS