LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 03.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vil du vere med å utvikle eit godt studiemiljø ved Det samfunnsvitskaplege fakultet?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar i studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Vi søkjer ein strukturert, positiv og omgjengeleg medarbeidar som vil vere med å bidra til utvikling av eit godt studiemiljø. Stillinga omfattar ansvar for blant anna studentmottak, læringsmiljø og leiing av Informasjonssenteret.

Den som blir tilsett vil få ansvar for utvikling, planlegging og gjennomføring av studiestarten ved fakultetet, og vidareutvikling av fakultetet si mentorordning. Som leiar av Informasjonssenteret vil du få overordna ansvar for utvikling av tenester og rutinar, og for oppfølging av tre medarbeidarar i delstillingar. Rådgjevaren vil også få ansvaret for å koordinere og følgje opp læringsmiljøsaker.

Stillinga inngår i studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, som har om lag 10 årsverk. Seksjonen har det administrative ansvaret for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og gir råd og leiarstøtte i utdanningssaker ved fakultetet. Dette inneber blant anna rutineutvikling, strategisk arbeid og driftsoppgåver knytte til arbeid med studentinformasjon, utveksling, eksamen, opptak og tilrettelegging av studium.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle, planlegge og gjennomføre studentmottak ved fakultetet
  • Vidareutvikle og drifte fakultetet si mentorordning, inkludert tilsetjing og opplæring av studentmentorar
  • Arbeidsleiar for Informasjonssenteret
  • Læringsmiljøkontakt ved fakultetet
  • Kontakt og oppfølging av studentorganisasjonane ved fakultetet
  • Utgreiingar og evalueringar i samband med mottak, trivsel og gjennomføring
  • Studieadministrativ saksbehandling
  • Leiarstøtte

Innhaldet i stillinga kan bli endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha utdanning på minimum masternivå. Lang og svært relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet
  • Du har erfaring med studieadministrativt arbeid og saksbehandling frå universitets- og høgskulesektoren
  • Det er ein fordel med erfaring frå rettleiing og betring og implementering av studieadministrative prosessar
  • Du har erfaring med prosjektleiing, koordinering av aktivitetar og arbeidsleiing
  • Du har god administrativ IT-kompetanse, og kjennskap til universitetet sine administrative system er ein fordel.
  • Du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • Du er omstillingsdyktig, initiativrik, imøtekommande og motivert for å bli vår nye kollega
  • Du har svært god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk. Det vil òg vere behov for å kommunisere godt på engelsk

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som rådgjevar etter kode 1434 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr. 62-65. For tida utgjer det mellom 563 700 – 594 300. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Søknad, CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 2021/16579

Søknadsfrist: 03.11.2021

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS