LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektøkonom ved Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 04.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig to faste stillinger som prosjektøkonom (100 %) med tilsetjing så snart som mogeleg.

Klinisk institutt 2 er eit av dei største institutta ved Universitetet i Bergen, både med antal tilsette og i budsjettomfang. Instituttet har 350 tilsette og ein administrasjon på om lag 20 personar, der økonomiseksjonen ved instituttet har 7 tilsette. Hos oss får du moglegheit til å jobbe med spennande økonomiske utfordringar og prosjekter. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. Vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner.

Arbeidsoppgåver:

  • Økonomistyring av ekstern- og internfinansierte prosjekter, herunder ansvar for budsjettering, avviksanalysar og økonomirapportering
  • Støtte og oppfølging knytt til prosjekta i ulike faser; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfasen
  • Støtte og bistand i økonomispørsmål til forskingsgruppeleiarane ved instituttet
  • Kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha høgare utdanning minimum bachelor frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå økonomiarbeid er ein fordel.
  • Gode IT-kunnskapar og erfaring frå bruk av Excel.
  • Gode kommunikasjonsevnar både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
  • Relevant erfaring frå tilsvarande verksemd og kjennskap til universitetssektoren er ein fordel

Vi søkjer ein person som

  • Har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
  • Er strukturert, målretta og har god evne til gjennomføring.
  • Har stor arbeidskapasitet. Bidrar til vårt gode arbeidsmiljø

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) er for tida 604 900 – 679 700 (lønssteg 62 – 69). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS