Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fellesadministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent ved HR-avdelinga
HR-avdelinga ønskjer deg velkomen til å søkje vikariat frå snarast til 1. juli 2026 som seniorkonsulent ved Seksjon for HR-fellestenester. Avdelinga leverer HR-tenester til Fakultet for Kunst, musikk og design, Det juridiske fakultet og sentraladministrative einingar. Vi ser etter ein medarbeidar som ønskjer å vere med å utvikle oss gjennom sakshandsaming og rådgjeving på HR-feltet.
HR-avdelinga si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til leiinga og tilsette. Du vil ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepart i alle HR-relaterte saker. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, og søkjarar på arbeidsfeltet.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Sakshandsaming og rådgjeving i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting
Leiarstøtte innan HR og personaladministrativ sakshandsaming
Sakshandsaming innan personalforvaltning og personaladminstrasjon i henhold til lov-og avtaleverk i staten
Utvikling og kvalitetssikring av HR-prosessar
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Du bør ha relevant erfaring frå HR- og personalområdet
Du bør ha god kjennskap til statleg forvalting og regelverk
God digital kompetanse
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi søkjer ein medarbeidar som:
har stor grad av sjølvstende i arbeidet, og er ansvarleg og løysingsorientert
har gode kommunikasjonsferdigheiter og trivst i møte med mange ulike menneske
arbeider nøyaktig og systematisk, og har evne til å prioritere
trivst med høgt arbeidstempo og mange parallelle oppgaver
har ei god serviceinnstilling er raus og inkluderande
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) kr 557 100 – 587 100 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Faggruppeleiar Åslaug Styve Mjånes, tlf. nr. 55 58 32 79 eller
Seksjonsleiar Janne Marie Solheimslid, tlf. nr. 918 19 544
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.