LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar ved HR-avdelinga

Søknadsfrist: 08.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fellesadministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar ved HR-avdelinga

HR-avdelinga ønskjer deg velkomen til å søkje vikariat frå snarast til 31.12.2025 med moglegheit for fast tilsetting som rådgjevar ved Seksjon for HR-fellestenester. 

HR-avdelinga si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til leiinga og tilsette. Du vil ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepart i alle HR-relaterte saker. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, og søkjarar på arbeidsfeltet.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og sakshandsaming i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting 
  • Leiarstøtte innan HR og personaladministrativ sakshandsaming
  • Sakshandsaming innan personalforvaltning og personaladminstrasjon i henhold til lov- og avtaleverk i staten
  • Utvikling og kvalitetssikring av HR-prosessar

Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du må ha relevant erfaring frå personal- og HR-arbeid, gjerne frå universitet eller høgskule Du bør ha god kjennskap til statleg forvalting og regelverk
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi søkjer ein medarbeidar som:

  • har stor grad av sjølvstende i arbeidet, og er ansvarleg og løysingsorientert har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • arbeider nøyaktig og systematisk, og har evne til å prioritere 
  • har ei god serviceinnstilling
  • er raus og inkluderande

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande arbeidsoppgåver med mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) kr 584 500 – 614 500 brutto i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Janne Marie Solheimslid, tlf.nr. 91 81 95 44

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS