Vitskapleg assistent - Institutt for politikk og forvaltning
Søknadsfrist: 10.06.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent
Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100% stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 1 år. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi innsikt i vitskapleg arbeid og metode.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet vil vere variert, og vil innebere forskingsassistanse, undervisningsstøtte, kommunikasjonsarbeid og relaterte oppgåver, bl.a.
Omsetjingsarbeid til engelsk (forsking, informasjon og sakspapir)
Bistand ved faglege arrangement og internseminar
Web (oppdatering av nettsider)
Kommunikasjon og informasjonsarbeid, inkl. sosiale media
Analysearbeid (forsking og utdanning)
Enkelte andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet
Kandidaten er venta å bu og arbeide i Bergensregionen og elles bidra aktivt til felles aktivitetar ved instituttet.
Startdato: August 2025
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad innan samfunnsvitskap
Erfaring med undervisning, forskingsstøtte, rettleiing, seminarundervisning o.l.
Erfaring med kommunikasjon, webredigering og sosiale media
Framifrå språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
God administrativ IT-kompetanse, inklusiv bruk av statistikkprogram
Evne til å arbeide systematisk, sjølvstendig og resultatorientert
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
Eit godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning.
Løn som vitskapleg assistent, kode 1020, kr. 509 300, -
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.