Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette og 4000 studentar. Budsjettet er på om lag 1,3 milliard kroner, og kjem delvis som bevilling frå Kunnskapsdepartementet og delvis som eksternfinansiering frå finansieringskjelder som til dømes Forskningsrådet og EU. Forsking og undervisning skjer på institutt og ved sentre.
Økonomiseksjonen ved MN-fakultetet har om lag 25 medarbeidarar som sitter samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva vår er å levere økonomitenestar og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.
Eit av dei viktigaste måla til økonomiseksjonen er å sikre god service og høg kvalitet på økonomitenestene overfor alle brukarane. Vi skal sikre gode og rettidige leveransar til institutt- og fakultetsleiinga og til prosjektleiarane og bidra med service som kan hjelpe den einskilde med støtte til gode avgjerder og god økonomistyring. Det er eit uttalt mål at vi ynskjer at eininga skal vere rigga for framtidige utfordringar og konkurransesituasjonen MN-fakultetet er i. I dette ligg at det fortløpande må byggjast kompetanse om noverande og potensielle bidragsytarar.
Vi søkjer to sjølvstendige, strukturerte og omgjengelege medarbeidarar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du jobbe i eit høgt kompetent og inkluderande miljø og få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet. Du rapporterer til seksjonssjef.
Arbeidsoppgåver:
Døme på arbeidsoppgåver for ein økonomirådgjevar:
Budsjettering og oppfølging/analyse av budsjett og rekneskap.
Oppretting, oppfølging og avslutting av prosjekter.
Rapportering til instituttleiing, prosjektleiar, finansieringskjelder og andre.
Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål.
Opparbeiding av særskilt kompetanse innan seksjonens ulike fagområde.
Sakshandsaming
Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar og arbeidsmetodar innan fagfeltet.
Bidra til å styrke det administrative samarbeidet internt på fakultetet og med institutta.
Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga som økonomirådgjevar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Søkjarar bør ha utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen, eller relevant utdanning på bachelornivå med gode resultat og relevant praksis. Nyutdanna søkjarar kan og vurderast, dersom utdanninga er spesielt relevant for stillinga.
God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel, er ein føresetnad.
Relevant erfaring med prosjektarbeid og støtte til ekstern prosjektinnhenting er ein føremon.
Kjennskap til, og erfaring frå, universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
Søkjarar bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som
har interesse for tal og har god økonomiforståing.
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne.
har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet.
trivst med endring og å ha mange jarn i elden.
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde.
Du må vere
initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar.
serviceinnstilt og resultat- og løysingsorientert.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
løn som rådgjevar (kode 1434) med ei årslønn mellom kr. 550 000 og kr. 650 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
kompetanse- og karriereutvikling med eit allsidig kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
fleksibel arbeidstid med moglegheit for noko heimekontor.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.