LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Økonomirådgjevar (prosjektøkonom) 

Søknadsfrist: 21.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar 

fakultetsadministrasjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) er det ledig stilling som økonomirådgjevar.

Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliard kroner. Forsking og undervisning skjer på institutt og i sentre.

Økonomiseksjonen ved MN-fakultetet har om lag 25 medarbeidarar som sitter samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenestar og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet. Den utlyste stillinga er knytt til temagruppa prosjektøkonomi.

Vi ynskjer å rekruttere ein økonomirådgjevar til seksjonen. Seksjonen har ein todelt økonomi, med ein del bevilgningsøkonomi, og ein del med eksternt finansierte prosjekter. Prosjekta er for det meste forskingsprosjekt og dei største finansieringskjeldene for prosjekta er Forskningsrådet og EU.

Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du jobbe i ein høgt kompetent og inkluderande miljø og få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet. Du rapporterar til seksjonssjef.

Arbeidsoppgåver:

Døme på arbeidsoppgåver for ein økonomirådgjevar:

  • Budsjettering og oppfølging/analyse av budsjett og rekneskap
  • Oppretting, oppfølging og avslutting av prosjekter
  • Rapportering til instituttleiing, prosjektleiar, finansieringskjelder og andre
  • Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål
  • Opparbeiding av særskilt kompetanse innan seksjonens ulike fagområde
  • Sakshandsaming
  • Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar og arbeidsmetodar innan fagfeltet
  • Bidra til å styrke det administrative samarbeidet internt på fakultetet og med institutta.

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga som økonomirådgjevar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar bør ha utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen, eller relevant utdanning på bachelornivå med gode resultat og relevant praksis. Nyutdanna kan og vurderast, dersom utdanninga er spesielt relevant for stillinga.
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er ein føresetnad.
  • Relevant erfaring med prosjektarbeid og støtte til ekstern prosjektinnhenting er ein føremon.
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
  • Søkjarar bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som

  • Er fleksibel, strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • Har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
  • Er initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • Er serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei årslønn mellom 650 000 og kr 750 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Kompetanse- og karriereutvikling med eit allsidig kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon  fleksibel arbeidstid med moglegheit for noko heimekontor
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, Vivian.jacobsen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS