IT-arkivar (rådgjevar, fast stilling) - Sentraladministrasjonen
Søknadsfrist: 15.06.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
IT-arkivar (rådgjevar, fast stilling)
I faggruppa for dokumentasjons- og systemforvaltning i HR-avdelinga er det ledig ei fast stilling rådgjevar. Faggruppa forvaltar sakarkivsystemet (p.t. ephorte/Elements), skjemaløysing (p.t. Digiforms) og arkivintegrasjonar. Faggruppa har systemforvaltningsansvar for system HR-avdelinga er systemeigar for.
UiB er saman med universitet- og høgskulesektoren i ferd med å gå til innkjøp av nytt sakarkivsystem (BOTT-prosjektet). Det inneber spanande oppgåver rundt digitalisering og tilpassing av arbeidsprosessar.
Arkivtenesta blir stadig utfordra til å finne løysingar. Det krev god forståing for arbeidsprosessar og at vi føreser kva for utfordringar endringar byr på – og at vi sjølv er med på å skape endring. Som IT-arkivar vil du stå sentralt i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
Vidareutvikle arkivtenestene for å forbetre dokumentfangsten og gjere kvardagen til brukarane enklare
Delta i tverrfagleg arbeid med prosessforbetring, systemutvikling, medrekna integrasjonar for automatisk dokumentfangst
Systemforvaltning av sakarkivsystem, skjematenester, arkivintegrasjonar med meir
Utvikle automatiserte løysingar inn mot sakarkivsystem og andre fagsystem
Produsere uttrekk av arkiv
Delta i daglege driftsoppgåver ved behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på minimum bachelornivå med fortrinnsvis informatikk/informasjonsvitskap, arkiv/dokumentasjonsforvaltning og/eller informasjonsforvaltning. Relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for utdanningskravet.
Erfaring med prosessforbetring
Gode kunnskapar om XML/XSD og SQL-skripting/programmering mot database
God kjennskap til bruk av API-ar
Kompetanse innan systemforvalting, erfaring med verktøy for integrasjonshandsaming og automatisering
Erfaring med arkiv og handsaming av digital informasjon er ein føremon
Kjennskap til lover, forskrifter og retningsliner knytt til dokumentasjonsforvalting og sakshandsaming i offentleg sektor er ein føremon.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig, strukturert og kvalitetsbevisst
Serviceinnstilt, fleksibel, og gode samarbeidsevner.
Oppteken av å finne gode løysingar og med god arbeidskapasitet
Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne seg ny kunnskap
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 - 67 (for tida kr 543 500 – 615 800) i det statlege lønsregulativet etter. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Arkivleiar Terje Askvik (tlf. 55 58 34 81, Terje.Askvik@uib.no) eller
Koordinator for digitalisering Per Christian Gaustad (tlf. 55 58 34 85, per.gaustad@uib.no)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.