LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Internasjonal koordinator (rådgjevar) - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 22.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Internasjonal koordinator (rådgjevar) ved sekretariatet for Det humanistiske fakultet

Ved sekretariatet for Det humanistiske fakultet er det ledig eit vikariat som internasjonal koordinator (rådgjevar), med oppstart 1. januar 2021. Vikariatet har varigheit til 31.12.2022.

Stillinga er knytt til seksjon for studier og forskarutdanning ved fakultetet. Fakultetet har ei brei fag- og programportefølje og seksjonen følgjer opp og koordinerer det studieadministrative arbeidet ved fire institutt og to forskningssenter. Fakultetet har ansvar for 23 BA-program og 18 MA-program.

Stillinga har eit hovudansvar for den administrative oppfølginga av internasjonale relasjonar og internasjonal mobilitet innan studiefeltet og forskerutdanninga ved fakultetet. Stillinga samarbeider med institutt og fagmiljø og skal bidra til strategisk utvikling på internasjonalisering innan studier og forskarutdanning.

Stillinga får óg eit hovudansvar for utvikling av rutinar og kompetanse på universell utforming og tilrettelegging for studentar med funksjonsnedsetting. UiB har ei målsetting om gullstandard på dette feltet og fakultetet vil legge vekt på utvikling av rutinar og styrking av dette arbeidet det neste året. Det kan og bli aktuelt med andre oppgåver knytt til læringsmiljø og studenttilfredshet.

Næraste overordna er studiesjefen ved fakultetet, og stillinga rapporterer direkte til denne. Alle i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til stillinga si, òg måtte ta del i andre administrative oppgåver.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Hovudansvar for internasjonalisering av studium og forskarutdanning
  • Oppfølging av internasjonale relasjoner og samarbeidspartnarar
  • Rådgjevar for institutta i saker om godkjenning av utanlandsk utdanning
  • Oppretting og vedlikehald av internasjonale avtalar, rådgjeving av fagmiljø og eksterne partnarar
  • Administrativ søknadsstøtte knytt til eksterne finansieringskjelder på feltet
  • Kontaktperson for tilrettelegging og universell utforming ved fakultetet
  • Oppfølging av studentar med tilretteleggingsbehov
  • Rådgjeving og oppfølging av fagmiljø og studieadministrasjon ved institutta innen tilretteleggingsfeltet
  • Deltaking i studieadministrative nettverk knytt til arbeidsområdaSakshandsaming (og utgreiingsarbeid) innanfor seksjonen sine arbeidsfelt

Kvalifikasjonar:

  • Norsk mastergrad eller tilsvarende. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant digital kompetanse
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og relevant praksis og erfaring frå det studieadministrative arbeidsfeltet.
  • God kjennskap til forvaltningsoppgåver innanfor studiefeltet, herunder erfaring med oppfølging av relevante lovkrav, forskrifter og regelverk som gjeld for studietilbod i høgare utdanning.
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner, både på norsk og engelsk.
  • Språkkunnskapar utover norsk og engelsk vil telje positivt

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidevner
  • Motivert, fleksibel og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • Ei stilling som gir rom for initiativ og engasjement
  • Løn som 1434 rådgjevar etter lønssteg 59-64, for tida 525 600 – 575 200 kr. brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Søknadsfrist 22.11.2020

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS