Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Det samfunnsvitskaplege fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som rådgjevar ved HR-seksjonen ved fakultetet.
Seksjonen si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til dei sju institutta ved fakultetet, samt til leiinga og dei andre tilsette ved fakultetsadministrasjonen. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen med båe dei vitskaplege tilsette og instituttleiinga. Du vil ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepartnar, ikkje berre i rekrutteringsprosessen, men også i andre HR-relaterte sakar. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver, som blant anna omfattar forskingstermin, opprykk mm, samt saksførebuing og sekretariatsfunksjon for styrer og utval.
Sakshandsaming i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting
Utvikling og kvalitetssikring tilknytt personaladministrative prosessar
Utgreiings- og utviklingsoppgåver innan særskilte kompetansefelt knytt til HR-seksjonen.
Generell personaladministrativ sakshandsaming
Stabsfunksjonar for leiargruppa
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på mastergradsnivå, helst innan HR eller juridiske fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Du må ha relevant erfaring frå personal- og HR-arbeid, helst frå universitet eller høgskule
Du må ha god kjennskap til statleg forvalting, og regelverk tilknytt statens tariffområdar.
God digital kompetanse.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi søkjer ein medarbeidar som
har stor grad av sjølvstende i arbeidet
er ansvarleg og løysingsorientert
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
arbeider nøyaktig og systematisk, og har evne til å prioritere
har ei god serviceinnstilling
er raus og inkluderande
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Ei allsidig stilling med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Eit godt fagleg og sosialt miljø
Løn etter lønssteg 61 - 65 (kode 1434). For tida utgjer det kr. 553 500 – 594 300 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Gode velferds- og treningstilbod
Gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
Generell informasjon:
Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.