Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stilling som rådgjevar i forskingsseksjonen ved fakultetsadministrasjonen. Fakultetet har som mål å auke den eksternfinansierte forskingsportefølja gjennom auka søknadsaktivitet. Ein av våre kolleger har sagt opp si stilling innan dette fagområdet og vi lyser difor ut ei stilling som forskingsrådgjevar, retta mot å henta inn eksterne forskingsmidlar. Stillinga er lagt til fakultetet sin forskingsseksjon og har fokus på rådgjeving til fagmiljø og leiarar ved institutta.
Forskingsseksjonen tel for tida 6 medarbeidarar som arbeidar i tett dialog med fakultetsleiinga om mellom anna utvikling av forskingsstrategi, prosjektutvikling, rådgjeving og søknadsstøtte, i tillegg til forvalting av forskarutdanning. Forskingsrådgjevaren vil arbeide strategisk i dette teamet. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.
Arbeidsoppgåver:
Rådgjeving og bistand til institutt/forskingsgruppe og enkeltforskarar ved søknader om eksterne midlar, særleg til NFR og EU
Kvalitetssikring av søknadar og arbeid med forskingskontraktar
Kartlegging av finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt, og påfølgande informasjon retta mot fakultetet sine forskarar og fagmiljø
Motivere forskarar ved fakultetet til å søke eksterne prosjekt
Utarbeiding av søknadsstatistikk, prosjektoversikter og andre statistikkar på bakgrunn av CRIStin, DBH mfl.
Saksførebuing og oppfølging av saker til Forskings- og forskarutdanningsutvalet og fakultetsstyret
Koordinering av forskingssaker mot personal- og økonomiseksjon, informasjonsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søker ein rådgjevar som:
har høgre utdanning på masternivå, eventuelt med særleg erfaring og kompetanse tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje
har evne til å motivere og fremje samarbeid mellom forskarar på tvers av fagmiljøa
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, fleksibilitet og serviceinnstilling
har evne og vilje til raskt å setja seg inn i nye saksfelt, vere kvalitetsbevisst, kunne arbeide strategisk, strukturert og målretta innan fristar
har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både i norsk og engelsk
har god kjennskap til universitetssystemet, forskingsfinansiering og relevante eksterne samarbeidspartnarar
Erfaring frå sakshandsaming innan offentleg forvalting, utgreiingsoppgåver og kjennskap til fagmiljø ved fakultetet er ein stor føremon. Fakultetet er i ein omstillingsprosess og er såleis i endring. Dette vil kunne gje høve til påverknad av eigen arbeidssituasjon.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 66. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 516 400 - 597 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.