LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskingsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 14.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Vi ønsker deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som forskingsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet, seksjon for forsking og formidling. Fakultetet har som mål å auke den eksternfinansierte forskingsporteføljen gjennom auka søknadsaktivitet og tilslag. Fakultetet ønsker særleg å styrke sin posisjon i konkurransen om eksterne midlar frå Forskingsrådet og EU’s rammeprogram. Stillinga vil vere sentral i å nå denne målsettinga.

Fakultetet har fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervisning og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære sentre. Fakultetet har om lag 3300 studentar og 460 fast tilsette.

Trykk her for meir informasjon om forsking ved Det humanistiske fakultet.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og administrativ støtte til prosjekteigar og prosjektleiar i alle fasar av eksternfinansierte forskings- og infrastrukturprosjekt.
  • Koordinere og hjelpe med administrativ støtte for å kvalitetssikre søknadsregistrering, kontraktarbeid, prosjektgjennomføring og -rapportering.
  • Rettleie institutt og fagmiljø med omsyn til økonomiske, juridiske og personalmessige konsekvensar ved eksternfinansierte prosjekt.
  • Kartleggje og informere om relevante mogelegheiter for finansiering nasjonalt og internasjonalt.
  • Arrangere kurs, workshops og presentasjonar.
  • Delta i relevante forskingsadministrative nettverk.
  • Saksbehandling, utgreiing- og informasjonsarbeid innanfor aktuelle saksfelt, for eksempel regelverk, etikk, personvern/GDPR, forskingsdata, Open Access, dokumentasjon/arkivering, planar for datahandtering .m.m.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsatt oppdaterer seg fagleg og bidrar til utviklinga av feltet.

Den som blir tilsett må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen vil vere førebudde på å måtte ta del i førefallande oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ein føresetnad med relevant forskingsadministrativ erfaring og kjennskap til NFR, EU og andre relevante finansieringskjelder.
  • Kjennskap til rammer og vilkår for universitetssektoren.
  • Kontekst- og rolleforståing.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, fleksibilitet og serviceinnstilling.
  • Det krevjast gode språkkunnskapar på norsk og engelsk og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.
  • Har evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress, samt arbeide strukturert og sjølvstendig.

Ved vurdering av den best kvalifiserte søkjaren, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i samarbeid med internasjonalt leiande fagmiljø.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i tilsvarande lønnssteg 63-68 i Statens lønsregulativ, for tida 574 300-625 700,- i full stilling før skatt per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attester og kontaktinformasjon til minst to referansar skal leggje ved søknaden.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS