Arbeidslivskoordinator ved Det psykologiske fakultet
Søknadsfrist: 14.08.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei nyoppretta fast 100 % stilling som arbeidslivskoordinator i stillingskategorien rådgjevar (1434).
Arbeidsoppgåver:
Koordinere praksisaktiviteten ved fakultetet og utvikle felles retningslinjer og avtalar for samarbeid med praksisverksemder.
Ta del i oppfylgjinga av studentar som er praksisutplassert på studieprogram ved fakultetet, då særskilt innan felta logopedi, psykologi og spesialpedagogikk.
Vere kontaktpunkt og ansvarlig for samhandling med helseføretak, kommunar og lokale næringslivsaktørar med tanke på synleggjering av arbeidsrelevansen av våre studietilbod.
Sakshandsaming, utgreiingar og informasjonsoppgåver i samband med praksis og arbeidslivsrelevans.
Stillinga vil også kunne ha oppgåver knytt til alumni og etter- og vidareutdanningsverksemda ved fakultetet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkaren må:
ha mastergrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet
ha relevant administrativ praksis
ha god arbeidskapasitet og kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
ha god og oppdatert IT-kompetanse
ha gode formidlingsevner munnleg og skriftleg, både på norsk (begge målføre) og engelsk
vere omstillingsdyktig og initiativrik
ha gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
Det er ein føremon om søkaren:
har erfaring med prosjektarbeid, arbeidsleiing og koordinering av aktivitetar
har erfaring fra studieadministrativt arbeid.
kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning
kjenner til Felles Studentsystem (FS) og andre relevante digitale verkty
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 - 65 (for tida kr 543 500 - 594 300 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.