Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorjurist ved Det juridiske fakultet (rådgjevar / seniorrådgjevar)

Søknadsfrist: 24.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Masterprogrammet i rettsvitskap er ei av Noregs mest populære utdanningar, og fakultetet er blant dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett, straffeprosess og politirett.


Les meir om Det juridiske fakultet

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorjurist (rådgjevar/seniorrådgjevar)

Er du interessert i høgre utdanning og forvaltningsrett? Er du opptatt av å utvikle deg og faget ditt? Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som seniorjurist (rådgjevar/seniorrådgjevar).

Stillinga er knytt til studieseksjonen som ein av to juristar med ulike ansvarsområde. Saman med oss i studieseksjonen vil du støtte fagleg leiing i å vidareutvikle utdanninga og du vil få høve til å bryne deg på spennande faglege problemstillingar. Du vil være ein viktig ressurs i det studieadministrative arbeidet, både lokalt på fakultetet og som sparringspartnar for kollegaer på andre einingar ved UiB.

Til denne stillinga ligg også ansvar for andre interessante og komplekse saker, arbeid med kvalitetssikring av utdanninga, utgreiingar og leiarstøtte. Du vil, ut frå fakultetet sitt behov, ha eit visst rom og fridom til å utvikle innhaldet i stillinga sjølv.

Døme på arbeidsoppgåver:

  • skrive høyringssvar og saksframstillingar til utval og styrer
  • saksbehandling, utgreiingar- og evalueringar knytt til utdanningsfeltet
  • initiere, drive fram og følgje ulike prosessar, til dømes prosessar knytt til innføring av ny studieordning. Du vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet
  • ha eit administrativt hovudansvar for kvalitetssikring, utforming og utvikling av fakultetet sine studiereglement
  • bidra til økt kvalitet i saksbehandlinga og lokal kompetanseheving, inkludert effektivisering og digitalisering
  • være administrasjonsrepresentant i lokale og sentrale arbeidsgrupper og utval

Du kan også få andre oppgåver, til dømes sekretær for fakultetet sitt studieutval.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • master i rettsvitskap/cand.jur.
  • erfaring frå offentleg sektor, helst innan universitets- og høgskulesektoren
  • solid juridisk vurderingsevne og god rettsleg forståing og innblikk i ulike roller og prosessar i offentleg forvaltning
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne, samt gode engelskkunnskapar. Arbeidsspråk er norsk
  • god digital kompetanse og systemforståing
  • evne å være fleksibel, ta initiativ og ansvar og arbeide sjølvstendig, systematisk og analytisk
  • evne å leve godt med innslag av uvisse og evne og vilje til å finne gode løysingar åleine og saman med andre
  • stor arbeidskapasitet og evne og vilje til å handtere parallelle arbeidsprosessar på ein effektiv måte
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og være ein ressurs i det faglege og sosiale fellesskapet

Dersom du har samfunnsvitskapleg kompetanse og interesse vil du ha god nytte av den, særleg i utgreiingssaker. Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.

Vi kan tilby

  • varierte oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling
  • hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse
  • stillingskategori som rådgjevar 1434 eller seniorrådgjevar 1364 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar
  • løn etter lønssteg 65 - 72 (p.t. kr. 583 900 – 667 200) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør og leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka «Søk stillinga».

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsettingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.

Velkommen som søkjar!

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS