LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar / seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt NORHEDII ved UiB

Søknadsfrist: 11.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt NORHEDII ved UiB

Universitetet i Bergen er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i Bergen sentrum. Vi har 18.500 studentar og omlag 4.000 tilsette. Universitetet har ein sterk internasjonal profil som medfører tett samarbeid med universitet over heile verda.

Økonomiavdelinga har ansvar for å utforme institusjonen sin politikk innanfor økonomiområdet. Avdelinga har om lag 90 tilsette. I tillegg utfører vi ei rekkje driftsfunksjonar innan budsjett, innkjøp, lønsadministrasjon og rekneskap. Til avdelinga sine oppgåver høyrer også kvalitetssikring og utvikling av ansvarsområda. Ei sentral oppgåve er dessutan å forvalte og utvikle administrative informasjonssystem for dei ulike funksjonane i avdelinga.

Arbeidsoppgåver:

Økonomisk koordinator og rådgjevar NORHED II:

  • Oppfølging av partnarar i sør i forbindelse med rapportering, økonomi
  • Rådgjevar for økonomar og leiing på prosjektas institutt
  • Dialog med NORAD i økonomiske sakar
  • Inngå i tverrfagleg NORHEAD-team ved UiB
  • Noko reiseverksemd kan påreknast

Delar av stillinga vil bli knytt til generell prosjektoppfølging:

  • Økonomisk og administrativ oppfølging av den ekstern finansierte prosjektporteføljen ved UIB
  • Rådgjeving til fagmiljøa i alle prosjektfasane frå mobilisering, søknad, kontrakt, drift og til avslutning
  • Vere fagekspert ved UiB på utvalde finansieringskjelder
  • Bidra til å videreutvikle og digitalisere prosessar innanfor prosjektøkonomi- og administrasjon.
  • Opplæring av administrasjons- og prosjektleiarar, økonomar og andre rådgjevarar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Minimum 5 års erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i større verksemder
  • Har erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk
  • Kjennskap til NORHED-programma, EUs forskingsprogram og Norges Forskningsråd er ei styrke
  • Kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system er ein føremon
  • God skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
  • God rekneskaps- og tall-forståing
  • God administrativ IT-kompetanse

Eigenskapar:

  • Er sjølvstendig og drivande i prosessar
  • Vilje til å bidra til det faglege og sosiale fellesskapet
  • Interesse for dialog og kapasitetsoppbygging

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i ltr 64 – 72 (for tida kr. 575.600 – 670 100) eller seniorrådgjevar (kode 1364) i ltr. 68 - 75 (for tida kr. 618 600 – 708 000) etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Kari Eidsheim tlf. 41 50 64 22 e-post: kari.eidsheim@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga, men arbeidsoppgåvene kan endrast etter behov på Økonomiavdelinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS