LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskingskoordinator – Senter for klima og energiomstilling (seniorrådgievar / rådgjevar)

Søknadsfrist: 15.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.


Senter for klima og energiomstilling (CET)


Klima- og energiomstilling er nå eit av UiB sine tre satsingsområder. Gjennom å opprette CET i 2016 ønskja Det samfunnsvitskaplege fakultet å skape ein ’hub’ for samfunnsvitskapleg og tverrfagleg forsking på omstilling. Senteret foreinar forskarar frå fleire disiplinar, og omfattar prosjekter fokusert på bærekraftig byutvikling, haldningar og meiningsdanning, klimatilpassing, energisystem, og meir. Senteret er administrativt lagt til Institutt for geografi. Mer informasjon finnast på www.uib.no/cet.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingskoordinator – Senter for klima og energiomstilling (seniorrådgievar/rådgjevar)

Senter for klima og energiomstilling (Centre for Climate and Energy Transformation, CET) er eit tverrfagleg forskingssenter ved Universitetet i Bergen, leia frå Det samfunnsvitskaplege fakultet. Målsettinga med senteret er å skape kunnskap om korleis omstille samfunnet på ein berekraftig måte, for å hindre klimaendringar.

Vi søkjer nå ein forskingskoordinator som skal bidra til å drive og bygge opp senteret, i stilling som seniorrådgjevar eller rådgjevar. Koordinatoren vil få eit variert og utfordrande arbeid med å generere og starte opp prosjekt, styrke tverrfaglege samarbeid og legge til rette for forsking av høg kvalitet. Dette er ei fast stilling der både vitskapleg kompetanse og organisatorisk-administrativ erfaring vil komme til nytte.

Koordinatorens oppgåver vil vere å:

  • bidra i prosjektutvikling
  • halde ved like forskingsnettverk og kontakt med myndigheter og samarbeidspartnarar
  • bidra til at senteret utviklar og følger opp sine strategiar og planer
  • legge til rette for et godt og produktivt forskingsmiljø på senteret
  • ha ansvar for dagleg administrasjon av CET, deriblant prosjektadministrasjon, økonomistyring og rapportering.
  • legge til rette for profesjonell styring av senteret, blant anna gjennom styringsgruppemøta

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha minimum mastergrad innan samfunnsvitskaplege fag
  • Søkjarar med doktorgrad innan samfunnsvitskaplege fag eller minimum 5 års relevant arbeidserfaring kan kvalifisere til seniorrådgivarstilling
  • Erfaring med deltaking i og oppbygging av forskingsgrupper og forskingsnettverk
  • Relevant erfaring med forskingsfinansiering og prosjektstyring vil bli vektlagt. Det er ønskjeleg med god kjennskap til eksterne finansieringskjelder
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav

Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn etter lønssteg 66-70 (seniorrådgjevar 1364). Dette utgjer for tida kr. 597 000 – 643 000. Løn etter lønssteg 62 -66 (rådgjevar 1434). Dette utgjer for tida kr. 555 800 - 597 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleiar, Håvard Haarstad, e-post: havard.haarstad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS