Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor (translasjonell immunologi)

Søknadsfrist: 01.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor i translasjonell immunologi

Ved Det medisinske fakultet, Broegelmanns Forskningslaboratorium, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i translasjonell immunologi. Arbeidsstad er Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus, i Bergen. Stillinga er knytt til leiing av Broegelmanns Forskningslaboratorium.

Broegelmanns Forskningslaboratorium er ei immunologisk forskingseining organisert under Klinisk institutt 2 og lokalisert til Laboratoriebygget. Laboratoriet har tradisjonelt arbeidd både med basale immunologiske prosjekt og translasjonelle prosjekt ved autoimmune sjukdomar og sjukdomar i immunsystemet i samarbeid med kliniske avdelingar.

Klinisk institutt 2 er eit av to kliniske institutt ved Det medisinske fakultet og omfattar fleire kliniske spesialitetar innan det medisinske fagområdet. Instituttet har om lag 350 tilsette og har lokal i Laboratoriebygget, Sentralblokka, Kvinneklinikken og Barne og ungdomssenteret ved Haukeland universitetssjukehus. Instituttet utfører medisinsk forsking og rettleiing og undervisning på eit høgt internasjonalt nivå. Instituttet har viktige oppgåver innan medisinutdanninga, ulike mastergradsprogram, og ph.d.-program innan medisin, odontologi, farmasi og ernæring.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal vere leiar av Broegelmanns Forskingslaboratorium http://www.uib.no/rg/broegelmann. I tillegg har Broegelmanns Forskingslaboratorium ansvar for Bergen Research School in Inflammation (http://www.uib.no/en/rs/brsi).

Personen som vert tilsett skal ha sin forskingsaktivitet innan translasjonell immunologi eller tilgrensande forskingsfelt. Forskingsaktiviteten må vera relevant for aktiviteten til Broegelmanns forskningslaboratorium.

Grunnbevillinga til Broegelmanns Forskingslaboratorium (om lag 3 mill. kr årleg) kjem frå Broegelmanns Legat. For tida dekkjer dette løn til teknisk personell (2) og ein administrativ tilsett, samt støtte til ein ph.d.- kandidat og elles driftsutgifter. Det er venta at den som vert tilsett i stillinga har erfaring frå og evne til å skaffe nasjonal og internasjonal finansiering via kjelder slik som NFR, EU og andre.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar bør fortrinnsvis ha medisinsk embetseksamen og må ha norsk doktorgrad (ph.d.) i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse

  • Den som vert tilsett skal undervise i både naturleg og adaptiv immunologi
  • Den som vert tilsett vil ha rettleiing av mastergradsstudentar og ph.d.-kandidatar
  • Det vil bli lagt vekt på dokumentert evne til å skape eit forskingsmiljø gjennom nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • Det vil bli lagt vekt på evne til å få fram eigne forskingsmidlar
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Utfyllande informasjon finn ein på Eining for læring, Det medisinske fakultet
  • Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 741 300 - 789 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå utfyllande informasjon på Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i passande format (pdf) som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

I tillegg ber vi søkjar legge ved:

● dokumentasjon av innhenta eksternfinansiering

● forskingsplan for dei neste fem år (maksimum fem sider)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS