Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i marin fjordøkologi

Søknadsfrist: 03.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for Biovitenskap (BIO) er det ledig ei stilling som postdoktor i marin fjordøkologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til Faggruppe Fiskeri- og marinbiologi og forsking på effektar av hypoksi (tap av oksygen) på fisk i fjordøkosystem. Stillinga er finansiert av Norges Forskningsråd i eit større prosjektet som har samarbeid med internasjonale partnarar: «Hypoxia effects on fish in west Norwegian fjords: harnessing the power of multidisciplinary studies» og er ein av tre rekrutteringsstillingar som er knytt til prosjektet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet har som mål å forstå kva som skjer i fiskepopulasjonar og økosystem når oksygenmengden i det marine miljøet minkar. Oksygen er nøkkelelement i metabolske prosessar, og hypoksi ventast å redusere vekst og kondisjon, og/eller endre åtferd og vandringsmønster til marine organismar. Men oksygen påverkar også nedlegging av sporelement i øyresteinar (otolittar) hos fisk, og kan vere «ferdsskrivar», særleg for langliva fisk, om kva miljø fisken har levd i til ulike tider.

Tap av oksygen i det marine miljø, og korleis dette er kopla med oseanografiske prosessar og påverkar biologiske prosessar, kan studerast i norske fjordar. BIO har ei årrekkje hatt tokt med forskingsfartøy til fjordar med ulik grad av hypoksi og har samla inn ei stort mengd prøvar og data, inkludert mesopelagisk fauna og bunnfauna. Den som vert tilsett skal leie arbeidspakke om sporelement i fiskeotolittar, men skal også vere knytt til arbeidspakke om fiskesamfunn og respons på hypoksia. Postdoktoren vil ha nært samarbeid med prosjektet sine internasjonale partnarar. Arbeidet skal ta utgangspunkt i innsamla materiale frå fjordane. Postdoktoren skal også ta del i planlegging og gjennomføring av ytterlegare innsamling av forskingsmateriale gjennom feltarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i marinbiologi, fiskeribiologi, fiskefysiologi eller marin økologi eller tilsvarande fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Praktisk erfaring som deltakar i feltarbeid om bord i forskingsskip på havet eller i kystområde er eit krav, og det er ei føremon om søkjaren har toktleiarerfaring.
  • Erfaring frå arbeid med otolittar hos fisk er eit krav, og erfaring med otolittmikrokjemi er ei føremon.
  • Erfaring med analyse av økologiske feltdata ei føremon.
  • Erfaring frå studiar om effekt av hypoksia på fiskepopulasjonar og fiskesamfunn frå hav- eller kystområde er ei føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil eitt år. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV (Det oppmodast å legge ved ein CV (pdf-fil) og laste denne opp som eit vedlegg).
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Anne Gro Vea Salvanes, Institutt for Biovitenskap, tel. 55584487, Anne.Salvanes@uib.no og som er
  • Prosjektleiar, eller Faggruppeleiar professor Arild Folkvord, tel. 55584456, Arild.Folkvord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS