Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor - Institutt for framandspråk

Søknadsfrist: 26.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei postdoktorstilling i klimaendrings-diskurs, med planlagt start 1. august 2020 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, kinesisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk, japansk, russisk og spansk språk og latinamerikastudium. Det vert undervist og forska i disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturstudiar og didaktikk (www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har om lag 60 tilsette i fast vitskapleg stilling, 30 ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, og ti administrativt tilsette.

Om prosjektet:

Stillinga er del av det tverrfaglege prosjektet «Living with climate change: motivation and action for lifestyle change» (CLIMLIFE), som er finansiert av Norges forskingsråd (NFR). Å leve under klimaendringar har blitt eit viktig spørsmål over heile verda. Medan det er stor semje om alvoret i situasjonen, må folk òg kome vidare med sine daglege val og levemåte. Korleis knyter folk dei politiske og eksistensielle utfordringane som følgjer klimaendringane til deira daglege val av levemåte, kva motiv kan dei ha for endring? CLIMLIFE-prosjektet reiser desse spørsmåla om den rolla klimaet spelar i livsstilsval, gjennom ei tverrvitskapleg metodologisk tilnærming med basis i språklege studiar av data frå Facebook og opne spørsmål i meiningsmålingar. Prosjektet legg særleg vekt på synet til unge menneske. Vi bruker teori og metodar henta frå språkleg polyfoni (fleirstemtheit), temaanalyse, «framing»-teori, narratologi, og kombinerer kvantitative (halv-)automatiske og kvalitative metodar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha norsk ph.d.-grad eller tilsvarande innanfor humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag. Doktoravhandlinga må vere levert inn før søknadsfristen til denne stillinga. Oppnådd ph.d.-grad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjaren må laga ein prosjektomtale og ein framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet, saman med ein plan for publisering i anerkjende internasjonale kanalar. Prosjektet må setje søkjelys på livsstilspørsmål sett i eit klimaendrings-perspektiv.
  • Den som får stillinga, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må kunna dokumentere gode kunnskapar i munnleg og skriftleg engelsk, og gode munnlege kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk. Franskkompetanse vil òg vere ein føremon.
  • Det er ei føremon med kjennskap til å kombinere kvalitativ og kvantitativ metode, og innsikt i bruk av spørjeundersøkingar.

I vurderinga av søkjarane vert hovudvekta lagt på innleverte arbeid og relevant erfaring, og dessutan på kvaliteten av forskingsprosjektet og den relevansen det har for CLIMLIFE-prosjektet.

Der rangerte søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, blir det lagt vekt på strategiske omsyn, motivasjon og at søkjaren er personleg skikka for stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktor-stillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den som vert tilsett, skal laga ein plan saman med instituttleiar for korleis vedkomande kan kvalifisere seg til akademiske toppstillingar. Søkjaren må senda inn eit utkast til slik kvalifiseringsplan saman med søknaden. Postdoktorar som er knytt til eksternfinansierte prosjekt samarbeider òg med prosjektleiar/rettleiar om ferdigstillinga av denne planen.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Stillinga krev at den tilsette har sin faste arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei reglane som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn tilsvarande lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24) i statens lønsregulativ ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 531 900 brutto. Vidare opprykk etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei IA-verksemd (Inkluderande Arbeidsliv)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida og må skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk. Søkjaren må bruke det elektroniske cv-skjemaet, og søknaden må innehalda:

  • Ei kort framstilling av forskingsinteressene til søkjaren, og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansar. Ein av desse må vere rettleiaren frå ph.d.-avhandlinga.
  • CV
  • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og vitnemål for ph.d.-graden eller dokumentasjon som viser at avhandlinga er innlevert.
  • Ei kort oppsummering av ph.d.-avhandlinga (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar og stadfestingar
  • Prosjektskisse for postdoktor-prosjektet (inntil fem sider/12.000 teikn)
  • Bibliografi for prosjektet
  • Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar
  • Utkast til kvalifiseringsplan
  • Fullstendig liste over alle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil fem vitskapleg arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagt i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Meir informasjon om stillinga kan ein få frå:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Meir informasjon om rekrutteringsprosessen her.

Søknadsfrist 26. april 2020

UiB-ID: 20/3476

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS