LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

To postdoktorstillingar om korleis fiskeria kan bidra til berekraftige matsystem

Søknadsfrist: 03.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling (to stillingar) om korleis fiskeria kan bidra til berekraftige matsystem

Ved Institutt for biovitskap er det ledig to postdoktorstillingar:

  • A) Modellere marine økosystem med tanke på auka matproduksjon og minska klimaavtrykk. Tilnærminga vil utvikle og analysere modellar for økologi i marine næringsnett, bake inn klimaavtrykket for representative fiskeri basert på livssyklusanalyser, og identifisere gunstig sjømatproduksjon for framtida.
  • B) Integrere modellerte konsekvensar på tvers av sjø- og landbasert matproduksjon for å identifisere vegar som kan føre til global berekraft. Med likevektsanalyser og marginale effektar frå viktige kategoriar i livssyklusanalyser er målet å kvantifisere korleis endra haustingsmønster i marine økosystem kan påverke matproduksjon og berekraft og samanlikne dette på tvers av land og hav.

Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til forskargruppa Teoretisk økologi og prosjektet “How can fisheries contribute more to a sustainable future?” finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillingane høyrer til eit prosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd i kategorien kompetanse- og samarbeidsprosjekt (KSP) mellom akademia (Universitetet i Bergen), industrien (Fiskebåt), ideelle organisasjonar (Natur og Ungdom) og statsforvaltninga (Fiskeridirektoratet). Internasjonalt er RISE Research Institutes of Sweden, Umeå Universitet (Sverige), Universitetet i Vigo (Spania) og University of Washington (USA) med. Meir informasjon kan ein finne på prosjektet sine nettsider.

Utgangspunktet for prosjektet er observasjonen at sjølv om halvparten av fotosyntesen skjer i havet, så bidreg havet med berre 2% av maten til menneska, eller om lag 6% om ein reknar på protein. Ved å ta eit steg tilbake og bruke systemteori, vil prosjektet ta føre seg fiskeria, sjå bort frå organiseringa slik praksis er i dag, og spørje korleis dei kunne sett ut om FNs berekraftsmål, Pariskonvensjonen om klima, og Konvensjonen om biomangfald definerte fiskeria sitt mål om å maksimere matproduksjon med minst mogleg fotavtrykk.

Prosjektet finansierer fire rekrutteringsstillingar, to ph.d.- og to postdoktorstillingar, som byrjar samstundes og skal jobbe tett saman som eit lag der kvar og ein har særskilte oppgåver og ansvar. I tillegg til postdoktorstillingane i denne utlysinga skal prosjektet vidareutvikle vasskolonnemodellar for mikrobiell økologi for å forbetre trofisk-teori, måle verdiar og haldningar om natur og matproduksjon i befolkninga og analysere dei psykologiske mekanismane som får ein til å endre haldning.

Utlysinga til alle fire stillingane finn ein på desse lenkene:

  • Ei ph.d.-stilling i biologisk oseanografi som skal rekne på kor stor primærproduksjonen er og overføringa til høgre nivå i næringskjeda med vertikalt oppløyste vasskolonnemodellar (Institutt for biovitskap, UiB)
  • Ei ph.d.-stilling i psykometri som skal kartleggje personlege verdiar og haldningar til matproduksjon på land og til havs, inkludert drivarar (Institutt for samfunnspsykologi, UiB)
  • To postdoktorstillingar: A) Modellere og analysere økosystemkonsekvensar av alternative tilnærmingar til å hauste sjømat der klimaavtrykket er lågare; og B) Integrere modellerte konsekvensar på tvers av sjø- og landbaserte matproduksjon for å identifisere vegar som kan føre til global berekraft (denne utlysinga, Institutt for biovitskap, UiB).

Gjennom tett samarbeid seg i mellom, med ph.d.-studentane, rettleiarar og samarbeidspartnarar skal postdoktorane ha ei sentral rolle i å integrere dei forskjellige perspektiva og innsiktene om matproduksjon til sjøs og på land, og identifisere korleis fiskeria kan spele ei viktigare rolle for global berekraft. Sidan dette er eit samarbeidsprosjekt så er det viktig med tett kommunikasjon innan laget og med partnarane, også ved å ha kontor hos partnarane i delar av tida. Partnarane er ikkje vald ut fordi dei er einige med kvarandre, men fordi dei bryr seg, ofte på kvar sin måte, om ein berekraftig framtid.

Det er sentralt for prosjektet å lukkast med ein open og ærleg dialog som respekterer dei forskjellige verdiane til partnarane, og som i arbeidsmetoden nytter tilgjengelege fakta og analyser. Prosjektet er fullt finansiert frå Noregs Forskingsråd og Universitetet i Bergen, så det er ingen formelle bindingar eller forventningar om at partnarane kan krevje eller hindre spesifikke tilnærmingar eller konklusjonar i forskinga, heller ikkje diktere innhald i eller tidspunkt for publikasjonar av prosjektresultat.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan biologi, fiskerivitskap, eller ein anna disiplin som er relevant for prosjektet. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 31. desember 2021. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Begge stillingane krev erfaring med og ei moden haldning til kvantitativ analyse.
  • Analysane kjem til å integrere mange perspektiv slik at dokumentert erfaring innan desse felta tel positivt: marin økologi, fiskerivitskap, livssyklusanalyse, berekraftsvitskap, biologisk oseanografi, økologisk modellering, matsystemvitskap, programmering.
  • Erfaring med tverrfagleg arbeid eller arbeid på tvers av sektorar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Prosjektet satsar på tett samarbeid.
  • Prosjektet tar føre seg tema som det er ueinigheit om i litteraturen og i samfunnsdebatten. Den som får stillinga er forventa å kunne navigere blant sterke og motseiande posisjonar, også inne i prosjektet, og ha mot til å analysere og publisere innsikt, uavhengig av ytre forventningar.
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av kandidatane vert det lagt vekt på personlege og mellommenneskelege eigenskapar, sjølvstende, og relevant forskingsrøynsle. Ambisjonar, slik det kjem fram i motivasjonsbrevet og intervjua, vil også telje. Dokumenterbar historikk som viser eit høgt potensiale for framtida og ein karriere som er på veg oppover, er forventa.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil 12 månader (maks fire år totalt). Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. (Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.) Stillinga kan verta forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Noregs Forskingsråd har for tida eit program der ein kan forlengje postdoktorstillinga ved å reise utanlands i inntil eitt år, så lenge ein jobbar minst seks månader i Noreg etter utanlandsopphaldet. Prosjektet oppfordrar til at ein gjer nytte av denne ordninga.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 31.12.2021).
  • relevante attestar
  • liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Etter søknadsfrist vert det oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønskjer innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Opplysningar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Les meir om tilsettingsprosessen.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS