LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i anvend økologi

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i anvend økologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som postdoktor i anvend økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år med moglegheit for ei forlenging på opp til 6 månader og knytt til UNESCO Chairen ved UiB innan «Berekraftig arv og miljøforvaltning – natur og kultur».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Menneskeleg arealbruk har ført til ein utbreidd førekomst av såkalla "temma økosystem" eller sosialøkologiske system (SES). I antropocenen genererast ikkje økosystemtenester av økosystem aleine, men av desse SES der endring av arealbruk; til dømes urbaniseringsratar og mønster, landbruk, beite, skogbruk, rekreasjon og turisme, er resultat av desse menneskeskapte endringane. Arealbruk i sin tur påverkar naturressursar, kulturmiljø og sosial utvikling, og skaper komplekse samspel som heile tida endrast. Styring av vår forsking og handlingar mot nye løysningar gjennom ein heilskapleg tilnærming er eit nødvendig skritt i retning av berekraftig utvikling, og i tråd med FNs 2030 Agenda.

Det sentrale målet for denne postdoktorale forskaren er å betre forståinga av samanhengar mellom arealbruk, miljøkvalitet, biologisk mangfald og økosystemtenester i eit berekraftsperspektiv. Arbeidet skal kombinere innovative tilnærmingar som analyserer verkingar av menneskeleg ressursbruk.

Arbeidet er tverrfagleg, og ta opp spørsmål som: Korleis harmonisere berekraftige matsystem med bevaring av biologisk mangfald? Korleis kan økosystem og økosystemtenester forvaltast på ei berekraftig måte? Korleis kan kunnskapsdelingsplattformer bidra til å fusjonere kunnskap med gode løysningar på vegen frå idé til implementering? Postdoktoren analyserer prosessar knytte til sosialøkologiske system, i samarbeid med UNESCO Chairen og eit team av ekspertar innanfor økologi, geografi, filosofi og samfunnsvitskap. Han/ho vil også arbeide tett med andre UNESCO-partnarar og prosjekt, og i samsvar med premissane skissert i UiB/UNESCO-kontrakten.

Arbeidet vil være ein del av det NFR-finansierte prosjektet BIOSPHERE. Målsettinga til BIOSPHERE er å kartleggje, analysere, generere og teste ny kunnskap og løysingar for berekraftig landbruk på lokalt nivå, i tråd med det folk i Nordhordland treng. Vi vil bruke best-practice kunnskap om fortida, knytt til noverandre behov og metodar, for å byggje løysingar for ein betre framtid.

Postdoktoren vil

  • analysere konsekvensar av menneskeleg bruk av naturen og oppfatningar av økosystemtenester i tråd med berekraftsagendaen
  • setje i gang og vedlikehalde felteksperiment, feltundersøkingar/intervju og borgarvitskaplege prosjekt i samarbeid med andre teammedlem
  • engasjere seg i feltarbeid i det føreslådde Nordhordland Biosfæreområde og andre regionar
  • leie innsamlinga av data frå verdsnettverket av biosfæreområdet for metaanalyse, i nært samarbeid med partnarar frå UNESCOs arbeidsgruppe
  • utforme og gjennomføre aktivitetar med sikte på å auke offentleg medvite om berekraftig arv og miljøforvalting
  • utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytt til naturressursutnytting, økosystem-tenester, sosialøkologiske system og berekraftig utvikling
  • analysere data og skrive og publisere forskingsartiklar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi, geografi eller eit anna relevant fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha erfaring i feltstudiar (økologiske og/eller samfunnsvitskapelege metodar), ein relevant statistisk og/eller programmeringsbakgrunn, og kunne beherske kritisk tenking og gode skriveferdigheiter.
  • Søkjarar må ha ein bakgrunn som gir god forståing for økologi, sosialøkologiske system, naturressursforvalting, sosial-økologisk resiliens og FNs berekraftsagenda.
  • Erfaring i metaanalyse, naturressursforvalting og/eller multi/tverrfaglege prosjekt i skjeringspunktet mellom økologi og samfunnsvitskap er ein føremon.
  • Forsking er laginnsats, og alle medlemmer må være forberedt på å bidra til felles aspekter av feltarbeid, metaanalyser, analysearbeid, diskusjoner, og bistå andre med lignende oppgaver, i tillegg til å jobbe med eget forskningsprosjekt.
  • Søkjarar bør ha gode ferdigheiter i kommunikasjon, og setje pris på feltarbeid
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og samstundes ha gode samarbeidsevner, og ønske å bidra i ei interkulturell og tverrfagleg gruppe
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Det er ein føremon dersom ein beherskar eit skandinavisk språk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

  • Evne og vilje til å utføre feltarbeid i fjerntliggjande område, samt å ha førarkort, er ein føremon.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. (Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet.) Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren, Institutt for biovitskap (inger.maaren@uib.no / +47 412 85 126)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS