LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist: 07.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på 3 år. Stillinga er knytt til Pandemisenteret, finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Utvikling og gjennomføring av eget forskingsprosjekt relatert til pandemiar saman med Pandimisenteret. Prosjektet skal være plassert i en tverrdisiplinær kontekst og væra i tråd med Pandemisenterets visjon
  • Skriving av søknader og rapporter
  • Koordinerer prosjekter saman med sekretariatet og strategisk arbeidsgruppa ved Pandemisenteret

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor pandemiar, beredskap eller globale samfunnsutfordringer, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan og seinast innan 5 månader etter søknadsfrist
  • Erfaring frå søknadsskriving/skriving av rapporter
  • Kjenne til relevante finansieringskjelder for å søke midlar for forsking innan pandemi, beredskap og pandemihandsaming
  • Kompetanse innan både kvantitative og kvalitative analyser er ønskeleg
  • God oversikt over norske akademiske institusjonar og bredt nettverk
  • Nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode koordinerings- og samarbeidsevner
  • Evne til nytenking og gjennomføring
  • Erfaring med utvikling og organisering av prosjekter og kurs vil verte sett på som positivt

Særeige for stillinga er at søkaren får lov til å utvikle sitt eiget prosjekt innan et pandemirelatert forskingsområde i samarbeid med forskarane ved Pandemisenteret. Det er en fordel om søkjaren inkluderer framlegg om kva tema ein ville vere interessert i, i søknaden.

For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.6) for tida kr 563 900, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 574 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 594 300, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Esperanza Diaz, e-post: esperanza.diaz@uib.no, telefon: 47414104

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS