LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 10.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, institutt for biomedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100%) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Biomimetic Proteolipid Multilayers – Structure and Properties (BIOPROM)”, finansiert av Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet i laboratoriet til professor Petri Kursula tek sikte på molekylær karakterisering av sjølvmonteringsprosessen som fører til danning av myelin, som er eit lipidmembran-fleirlag som inneheld spesifikke innebygde proteinar. Proteinene er forbundet med lipidmembranar og inneheld regionar av uorden. Strukturen og dynamikken til alle molekylære komponentar i systemet er av interesse, liksom mekanismane for sjølvmontering og dei fysisk-kjemiske eigenskapane til myelinliknande membranar.

Postdoktoren vil:

  • Delta i eit tverrfagleg forskingsprosjekt med fokus på ulike aspektar av strukturen og dynamikken til myelinmembranen, som er ein samling av lipidmembranar og spesifikke proteinar
  • Utføre forsking ved hjelp av metodar for strukturell biologi, biofysikk, berekningsteknikkar og/eller cellulære modellsystemar
  • Vere aktiv som ein del av teamet, delta i datainnsamling i storskala forskingsanlegg samt rettleiing av yngre kollegaer
  • Utføre analyse, dokumentasjon, rapportering og presentasjon av vitskapelege data
  • Delta i internasjonale samarbeid

Dei eksakte forskings oppgavene vil verte definert når ein egna kandidat er funnet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biokjemi, strukturell biologi, biofysikk eller liknande, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 10.03.2022
  • Praktisk erfaring frå utfordrande strukturbiologi- eller relaterte prosjekter er ein forutsetning
  • Erfaring frå internasjonale samarbeid og bruk av storskala forskingsinfrastrukturar er ein sterk føremon
  • Evna til å jobbe både sjølvstendig og som eit ansvarleg medlem av eit internasjonalt team er eit krav
  • Kreativitet, uthaldenheit, fleksibilitet og vitskapeleg ambisjon vil bli høgt verdsett
  • Beherske flytande skriftleg og munnleg engelsk
  • Personlege kvalitetar vil verte vekta

Sidan prosjektet er tverrfagleg, vil det verte bygd ein kombinasjon av forskjellige vitskapelege bakgrunnar for forskarteamet i prosjektet. Derfor kan tidlegare vitskapeleg bakgrunn vere frå forskjellige felt relatert til strukturell biologi og biofysikk.

For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.6) for tida kr 563 900, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 574 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 594 300, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS