LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 19.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor (100 %) i epidemiologi for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet PraksisNett (Forskingsnettverk i primærhelsetenesta). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

PraksisNett er ein infrastruktur som legg til rette for meir klinisk forsking og betre bruk av data frå primærhelsetenesta (les meir om PraksisNett her). Prosjektet har hatt 5 år med støtte frå NFR, og er no over i ein driftsfase. PraksisNett bidrar til at forskarar både nasjonalt og internasjonalt får høve til å inkludere pasientar og pasientdata frå primær­helsetenesta. Forskarane skal få tilgang til pasientdata på ein sikker måte, slik at dei kan gjennomføre gode og kvalitetssikra kliniske studiar. Infrastrukturen består av ein tenestebasert og ein digital del med bruk av ein IT-teknologi kalla Snow. Postdoktoren vil vere ansvarleg for å gjere statistiske analysar på det aggregerte datagrunnlaget som vert generert av den teknologiske infra­strukturen i prosjektet, og for å skrive forskingsartiklar basert på dette datamaterialet. Postdoktoren skal også vere med på å klargjere datasett til forskarar som skal bruke datagrunnlaget og i tillegg skrive forskingsartiklar basert på data som er henta inn i vitskaplege prosjekt ved Fagområde allmennmedisin (til dømes innan søvn- og/eller infeksjonsforsking).

Postdoktoren vil verte tilsett i Fagområde allmennmedisin og delta i Forskingsgruppa SMIL (søvn, muskelskjelett, infeksjon, laboratorium – www.uib.no/allmenn/131085/smil) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Hovudoppgåver

  • Bidra til gode rutinar for datauttrekk frå Snow.
  • Bidra til å klargjere datasett til forskarar som skal bruke datagrunnlaget frå Snow.
  • Planlegge og analysere data basert på datauttrekk i PraksisNett og data i andre vitskaplege prosjekt.
  • Skrive og publisere vitskaplege artiklar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor medisin, epidemiologi, medisinsk statistikk eller anna relevant fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • Søkjaren må ha publisert vitskaplege artiklar innan medisin, helst med bruk av epidemiologiske metodar. Dersom søkaren har publisert innan søvn- og/eller infeksjonsforsking, vil dette vere eit fortrinn.
  • Søkjaren må ha erfaring med medisinske statistiske metodar.
  • Søkjaren må meistre munnleg og skriftleg norsk og engelsk på høgt nivå.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til å arbeide sjølvstendig, gode samarbeidsevner, motivasjon, ansvarsmedvit, stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Se forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 573 900 (kode 1352, lønssteg 62) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 584 700 (kode 1352, lønssteg 63). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 615 000 (kode 1352, lønssteg 66).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS