Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktorstilling
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som postdoktor i fysisk oseanografi/klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er tilknytt prosjekta “Overturning circulation in the new Arctic (ArMOC)” finansiert av Norges Forskningsråd. Prosjektet har samarbeidspartnerar frå Storbritannia, USA og Sverige.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Omveltingssirkulasjonen i dei Nordiske hav og Arktis inneber at varmt overflatevatn som strøymer nordover blir omdanna til kaldt vatn. Dette kalde vatnet strøymer sørover i djupet og bidrar til den nedre greina av omveltingssirkulasjonen i Atlanterhavet (AMOC). Arktis er for tiden i stor endring og dette kan ha innverknader på omveltingssirkulasjonen. Å forstå kva som driv endringar i omveltingssirkulasjonen i Arktis og korleis denne sirkulasjonen påverkast av eit varmare klima er viktig sidan vatnet som strøymer sør i djupet kan påverke havsirkulasjonen lenger sør og bidra til å oppretthalde AMOC sjølv om omveltinga i Atlanterhavet svekkjast.
Postdoktoren vil undersøkje korleis nåverande og framtidige klimaendringar i Arktis påverkar omveltingssirkulasjonen i Arktis.
Postdoktoren vil:
- Kvantifisera endringar i vatnmassetransformasjon langs randstraumen i Arktis.
- Identifisera endringar i korleis Atlanterhavsvatn sirkulerer i Arktis ved å analysera Lagranske modellsimuleringar.
- Fastslå effekten av klimaendringar på omveltingssirkulasjonen i Arktis.
Postdoktoren vil gjennomføra ein koordinert analyse av observasjonar, havmodellar/reanalyser, og klimamodellar. Som postdoktor ved Universitetet i Bergen vil du også vere knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er Nordens det største naturvitskaplege forskingssenteret på klima og har eit bredt internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.
Søknadar ønskast frå kandidatar med erfaring og interesse for, havsirkulasjon, hav-atmosfære interaksjon og klimadynamikk, spesielt i polare områder.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha en doktorgrad i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert avhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjarar må ha erfaring innan statistisk analyse av data frå numeriske modellar relatert til hav eller klima.
Det er ein føremon at kandidaten har kjennskap til havsirkulasjon og hav-atmosfære koplingar i Arktis.
Kompetanse innan vitskapeleg programmering (for eks. Matlab og Python) er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Gode må ha gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med opptil 12 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700,- (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.