LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i DAS og OBS seismologi

Søknadsfrist: 27.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i DAS og OBS seismologi.

Ved Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor i DAS og OBS seismologi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til det EU-finansierte prosjektet SUBMarine cablEs for ReSearch and Exploration (SUBMERSE). Den som blir tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 1. oktober 2023.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

SUBMERSE-prosjektet har som mål å utvikle teknologi for å trekkje ut data frå Distributed Acoustic Sensor (DAS) and State of Polarisation (SOP) data frå eksisterande optiske fiberkablar, og å gjere desse tilgjengelege som langsiktig infrastruktur. Prosjektet har eit forskingselement for å demonstrere potensialet til slike data for geovitskap så vel som marinvitskap. Institutt for geovitenskap er for det meste involvert i ein arbeidspakke som er oppteken av utnytting av dataa. DAS-data frå ein fiberoptisk kabel på Svalbard skal kalibrerast mot data frå Ocean Bottom Seismographs (OBS) som skal setjast ut langs kabelen. Fokus for forskingsarbeid vil vere på jordstruktur, seismisitet og gass som siv frå havbotnen. Instituttet vil vidare bidra til dataintegrering i eksisterande infrastruktur.

Postdoktorens hovudoppgåver vil vere:

  • Utvikle metodar og verktøy for å samanlikne DAS- og OBS-data.
  • Utvikle metodar for å karakterisere seismisitet ved hjelp av kombinert DAS og seismiske data.
  • Utnytte data og metodar for å undersøkje seismisiteten rundt Svalbard.
  • Teste moglegheita for å bruke offshore DAS-data for å undersøkje grunne strukturar frå data til omgivnadsstøy.
  • Delta i OBS utplassering.
  • Samarbeide med ulike prosjektpartnarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor jordskjelv seismologi, geofysikk eller relatert emne. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 1. Juni 2023. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå analyse av jordskjelvdata eller seismisk avbilding er et krav.
  • Erfaring frå analyse av DAS- eller OBS-data er ein fordel.
  • Kunnskap knytt til geofysisk instrumentering, programmering og dataforvaltning er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

For eksternfinansierte postdoktorar:

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som postdoktor (kode 1352) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årslønn på kr 573 900 (tilsvarande lønstrinn 62). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV saman med publikasjonsliste
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.06.2023.
  • Forskingsplan: ei beskriving på ei side av mogleg forsking som kandidaten meiner er relevant for prosjektbeskrivinga .
  • Relevante attestar
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Lars Ottemöller, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, Tlf. 55 582616, e-post: lars.ottemoller@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS